Ronny Brede Aase

Epost: ronny.brede.aase@nrk.no

Hjemmeside: http://p3.no/p3morgen/

Twitter: @ronnyponny

Siste artikler skrevet av Ronny Brede Aase

Treningsupdate

Av , 11. oktober 2011. Postet i Ronny i 100
3

Hei bloggen!
Eg skal jo, som du kanskje har høyrd på radio, prøve å nå 100 i benken før jul.

Og i dag vil eg berre dele eit fotografi, for å vise kor sjukt bra det går med treninga for tida:

Her er både Live, Yngve og underteikna på trening saman. Og så på ein grå og kald mandag!

Eg testa tilogmed NRK-badstua i går. Det var skikkeleg awesome. Der skal eg henge meir framover. Kva er eigentleg ok i badstu? Kan ein ha på shorts? Handkle? Korleis skal ein te seg? Og så følast det sundt. Men kor sundt er det? Kommentèr gjerne om du har badsturelaterte innspel!

Bonusfoto: Live Nelvik trenar.

Team Me spelte live

Av , 10. oktober 2011. Postet i gjester
1

Seksmannsbandet Team Me kom rett frå Englandsturnè med The Wombats, til P3morgen sitt studio i dag tidleg. På fredag slepp dei debutalbumet sitt, og i dagens sending framførte dei singelen “With my hands…”
Høyr låta her!

Les mer

Sjekk Ronny og Live!

Av , 6. oktober 2011. Postet i p3morgen
X

Sjå! Vi har fått to ekstremt søte kalvar oppkalt etter oss! For ei ære på ein torsdag morgon!
“Her er kalvene Ronny og Live. De blei født under sendinga deres i går, så da syns je d passa at de ble oppkalt etter dere;) Hilsen Erlend agronom”

Erlend kunne òg fortelje at Live er den svarte. Den brune heiter Ronny! Goodtimes!

Reiseskildring frå Bodø

Av , 22. september 2011. Postet i Bilder, p3morgen
2

Hei bloggen!

Vi i P3morgen var med då P3 arrangerte skulefest for Løpsmark skule, rett utanfor Bodø. Eg vil i denne bloggposten skildre reisa vår gjennom video, fotos og lyd. Kall det ei finurleg reisereportasje, om du vil.

Les mer

Dale Oen og gymbagen

Av , 22. september 2011. Postet i gjester
X



I dagens sending var Alexander Dale Oen innom på besøk. Han er sjukt flink til å svømme, og har mellom anna vunne VM-gull! Han svarte villig på alt lyttarane lurte på, og så fekk vi lov til å rote i gymbagen hans. Han kom jo trass alt rett frå ei 3 timar lang treningsøkt.

Les mer

– Vi flyttar til Hollywood

Av , 16. september 2011. Postet i gjester
3

Bård Ylvisåker har endeleg fått kred på heimebane for jobben han gjer, etter at Perez Hilton hyllar ein ny Ylvisvideo.
Les mer

Yngve har bursdag!

Av , 13. september 2011. Postet i p3morgen
9

I dag har Yngve bursdag! Vi feira sjølvsagt den no 28 år gamle Moldensaren i dagens P3morgen.
Les mer

– Eg har slutta med avsugning. Eg veit ikkje korleis eg gjer det lengre, sa Anna Anka i dagens P3morgen.

Den tidlegare kona til Paul Anka, mellom anna kjend for sin opptreden i serien Hollywoodfruer, er klar for deltakelse i “Skal vi danse?“. Ho har blitt parodiert av mange, mellom anna Sigrid Bonde Tusvik. Sidan begge var hos oss samstundes, måtte vi jo prate om parodien.
Høyr seansen om parodi og avsugning her:
Anna Anka om parodi

Diggar Rune Larsen

Anna Anka er i Norge for å delta i “Skal vi danse?”, og måtte innrømme at ho har pakka for utaktisk.
– Eg har nesten berre med meg sommarklede. Ein kompis sa at eg ikkje kan gå rundt med flip-flops i Oslo. Men eg har jo ingen andre sko, sa Anka, som hadde med seg berre seks koffertar.

På spørsmål om kven Anna kjem best overens med av gjengen som skal vere med på dansebonanzaen, svarar ho kjapt Rune Larsen.
– Han er så himla god! Han er så ærleg, og vil alltid alle vel.
Ellers er det mykje konkurranse og lite vennskap førebels, fortel Anna.
– Alle er heilt sånn “it’s time to kill”.
Sjølv er Anna berre med fordi det er gøy.

Høyr praten om konkurransen og garderoben her:
Anna Anka om dansing og klede

– Jesus er metroseksuell

Av , 6. september 2011. Postet i gjester
3

Knut Arild Hareide om Jesus si frisyre, trua si rolle i KrF og fotball i dagens P3morgen.
Les mer

Ravi + Live + Yoga

Av , 31. august 2011. Postet i gjester, p3morgen
1

I går lærte Idol-programleiar Ravi oss yoga. Der går nemleg rykter om at han er skikkeleg, skikkeleg god på denne rolege sporten.

Sjekk video her:

Keen på meir Ravi frå P3morgen? Her kan du sjå video av sist han var innom!