Artikler med emneordet ‘podkast’

I dag var Linni Meister på besøk i P3morgen. Ho har for tida eige tv-program på TV 2 Bliss, tar lappen, er modell, artist, skodespelar (og har kanskje rolle på gang i ein ny, amerikansk tv-serie kalla “Aspen – The Series”).

Hos oss fekk ho prøve seg som komiker, då ho skulle framføre vårt spesialskrive standupshow. Sjekk det ut i videoklippet over her!

Kanskje amerikansk tv-serie?

Linni kunne under dagens P3morgen-sending avsløre at ho er supergira etter å ha vore på casting til ein ny, amerikansk tv-serie. No håpar ho at ho får rolle, og får vere med på innspeling i USA. Høyr Linni fortelle om den moglege skodespelarjobben her:

Linni om tv-serie

Linni er handy

På spørsmål frå fredagens gjest, Erik Solbakken, om kor vidt Linni er guttejente, kunne Linni fortelje at ho er veldig handy:

Linni er handy

Har stalkers

I dagens sending kunne Linni òg fortelje at ho stadig opplever at folk tek bilete av og filmar ho i private settingar. Seinast i går på Tusenfryd.

Høyr Linni prate om stalkers her:

Linni om stalkers

Om du er keen på meir Linni Meister, kan du laste ned dagens P3morgen-podkast. Der får du mellom anna høyre den mørke og skumle monsterstemma hennar. Og Stavangerdialekta. Podkasten kan du laste ned her, eller via iTunes.

Les mer

Håvard Lilleheie

Festlig fredag i P3morgen! Håvard Lilleheie var gjesteprogramleiar i tre timar, og osa av livsvisdom, lokalnytt, penisprat og eit belgisk øl han elskar.

I Yngve sitt sommarlege nakenbadintervju forklarte Håvard forskjellen på blod- og kjøttpenis (og kva type han har). Og så fortalde han om den gongen han gjorde opprør mot rånekulturen og overpynta bilar. Høyr det her:
Nakenbadet med Håvard Lilleheie

Gøy å høyre Håvard prate, ja?
I podkasten har vi samla alt det kjekke frå dagen i dag.

Høyr Håvard presse underteikna til å drikkja øl på jobb. Høyr Håvard prate Stord-dialekt og høyr han greie ut om sitt forhold til Linni Meister (som prøvde seg som skodespelar i gårsdagens P3morgen).
Og i bonussporet, som du kun får på podkasten, fortel Håvard alt om korleis han fann, og kjøpte sitt nye hus! (Gratulerer, wowowowowo!!)
Podkast på iTunes, som RSS eller her:
P3morgen 14.01.11

Les mer

Bra mandagsmorgon i dag! Radioresepsjonen var innom. Dei fekk alle tre i oppgåve å finne påstandar om seg sjølv, og så skulle dei to andre gjette om det var sanning eller løgn.
Her i videoform:

Som om ikkje video er nok, kan du høyre lyd av dette, og resten av intervjuet i dagens podkast. Den finn du i iTunes, på p3.no/podkast og som RSS-feed.
Og her, då:
P3morgen 18.10.10

Bjarte, Steinar og Tore

Les mer

Podkasten er tilbake

Av , 6. oktober 2010. Postet i p3morgen
X

Yngve er glad

Her har vore krisestemning siste dagane. Podkasttenesta til NRK har vore nede. Kaos!
No er den tilbake på nett då, og P3morgen kan freiste med rykande ferske podkasts frå dei 3 siste dagane.

Les mer

I dag er det premiere på den nye Lydverket-sesongenNRK2, og programleiar Asbjørn Slettemark starta dagen i P3morgen.

Vi prata om dei særs uvanlege frukostvanene til Asbjørn, om musikk han elskar og hatar, Axl Rose, amerikansk fotball og ein hemmeleg tacoklubb i New York.
Som om ikkje det var nok serverar vi ein halvtime bonusspor i dagens P3morgen-podkast, der vi mellom anna rasar gjennom haugen av spørsmål sendt inn til Asbjørn på sms.

Podkasten finn du på iTunes, og som mp3-fil i vår RSS-feed.

Les mer

P3morgen tar helg etter herleg sending med sjølvaste Ravi som gjesteprogramleiar. Her kan du sjå to små videoar frå sendinga. Vil du høyre meir utover dette, kan vi anbefale podkasten vår, som du finn både i iTunes, og som RSS-feed.

Les mer

Siv Jensen i P3morgen (Foto: Ronny Brede Aase/NRK)

Vi hadde FRP-leiar Siv Jensen på besøk i dag. Ho prata om morgonvanene sine, ferien ho nett er ferdig med og ubehagelege opplevelsar med folk som er ueinige i politikken hennar. Vi prata òg litt om kjærleikslivet hennar. Ho kunne meddele at ho har eit, sjølv om ho aldri brettar det ut i Se & Hør. Men så er ho jo veldig hemlegheitsfull, då. Difor laga vi ein liten quiz for å finne ut kva type menneske ho passar saman med. Og vi tok sjølvsagt utgangspunkt i oss sjølve. Ronny og Live.

Intervjuet med Siv høyrer du på podkast her 

og HER kan du òg prøve deg på quizen “Hvem passer du sammen med, Live eller Ronny?”

Les mer