Ronny Brede Aase

Epost: ronny.brede.aase@nrk.no

Hjemmeside: http://p3.no/p3morgen/

Twitter: @ronnyponny

Siste artikler skrevet av Ronny Brede Aase

P3morgen frå 06:30

Av , 14. september 2010. Postet i Ukategorisert
6

Kva? Så tidleg?
Ja.
Høyr her:
P3morgen frå 6:30

Vår X-factoraudition

Av , 10. september 2010. Postet i p3morgen
1

Marion Ravn var gjesteprogramleiar i dag. Vi nytta høvet til å gjere ein slags audition i X-factorstil. Ho er jo dommer der. Sjå video her:

BONUS på tampen. Live og Marion dansar til Rihanna.

I dag var Christer Falck i P3morgen. Han hatar norsk standup, elskar Dallas-puslespelet sitt og er klar med ny sesong Robinson på fjernsynet. Og så hadde han ikkje heilt sansen for Tôg. Sjå video!

Shiiiit! Ivar Dyrhaug var farleg nære å kuppe heile P3morgen-sendinga i dag, då eg og Live var ute for å hente henholdsvis kaffi og frukost.

Eg er ganske sikker på at han hadde spelt mykje Steely Dan, pluss sine eigne låtar, om han tok over sendinga. Hans eigne låtar, spør du. Har han skrive låtar? Ja, det har han. Sjå videoen, då vel!

Yngve går i spagaten

Av , 8. september 2010. Postet i p3morgen
2

Yngve har ekstremt kroppsfokus i P3morgen for tida, og sette seg i starten av august seg eit mål om å komme seg ut i spagaten i løpet av hausten. Han prøvar alt han kan, på dagane han kallar “sweatpant wednesday”, og her kan du sjå korleis det gjekk i dag, i videoform:

Les mer

I dag var Didrik Solli-Tangen på besøk i P3morgen. Han og Live drog ein liten duett av gigahitten “Love the way you lie”, original framført av Eminem og Rihanna.

Her er video:

Didrik hadde jammen med seg gåver i dag ôg! Ølbrikker frå Berlin!

Didrik sine kaffibrikker

Sjå så fin! Vi fekk seks stykk som vi lovar på tru og ære å plassere kaffikoppane våre på.

Ubudne gjester vil kose med Karoline og venninnene hennes! (Illustrasjon: Rashid Akrim, NRK P3)

Karoline Jonassen frå Kristiansand var keen på ein skikkeleg kosekveld med jentene i klassen. Så då gjorde ho som folk ofte gjer, oppretta Facebookevent på greia.

Men så vart plutseleg eventet skikkeleg offentleg, og folk tenkte sånn “YEAH! Eg vil på kosekveld med jentene!!”, og no er der nesten 20 000 som har meldt seg på.

Vi tok ein prat med Karoline i P3morgen i dag. Høyr heile greia her.

Karoline om kosekveldeventet på Facebook

– Eg tenkte vi kunne ta turen ut, ete middag og ta eit glas vin, og så stikke heim og kose oss i sofaen, sa Karoline, som no berre må avvente vidare planar når det kjem på eventet som etterkvart kan fylle ein greitt stor fotballstadion.

Gjesteprogramleiar Sven Nordin anbefalte Karoline å satse på tapas eller liknande lett mat, når 20 000 skal samlast til kosekveld.

Keen på meir lyd frå P3morgen? Sjekk ut podkasten vår i iTunes eller som RSS-feed.

Sven Nordin og søvnmaskina

Av , 3. september 2010. Postet i p3morgen
4

Sjølvaste Sven Nordin var gjesteprogramleiar i dagens P3morgen. Han lir av søvnapne, og har difor fått seg flott maskin og tilhøyrande maske som skal hjelpe han gjennom natta. Sjekk frekk infotainmentvideo under her:

Knut Nærum anbefalar

Av , 2. september 2010. Postet i p3morgen
X

I dag hadde vi sjølvaste Knut Nærum på besøk i P3morgen. Han tok med seg tre ting han ville anbefale. Her kan du sjå video av det:

Veska til Unni Lindell

Av , 31. august 2010. Postet i p3morgen
1

I dag hadde vi Unni Lindell på besøk i P3morgen. Vi fekk rote i veska hennar, og her kan du sjå det på video:

Der vart òg anbefalt eit par bøker i dagens sending. Den beste boka Unni nokonsinne har lest heiter Juleoratoriet. Lyttar Randi anbefalte boka “Saras nøkkel” på sms, og seier den er lettlest, trist og fin. Verdt å sjekke ut.