– Vi flyttar til Hollywood

3
Skrevet av:
Publisert 12:21 16 september, 2011

Bård Ylvisåker har endeleg fått kred på heimebane for jobben han gjer, etter at Perez Hilton hyllar ein ny Ylvisvideo.

Ylvisbrødrene spelte inn videoen “Work it”, eigentleg til bruk i det nye talkshowet deira. Den vart lagt ut på YouTube, og har i skrivande stund nesten 500 000 visningar.

– Det var veldig gøy å sjå at videoen sprer seg i USA, og nesten endå kjekkare då den òg byrja spre seg i Polen, sa Vegard Ylvisåker i dagens P3morgen.

– Vi hadde jo eigentleg ikkje planlagd å leggja den på nett i det heile.

Her er videoen:

Og videoen har spredd seg. Torsdag vart den omtalt på bloggen til Perez Hilton under tittelen “Norway knows how to WORK IT!!!”
– Vanlegvis når eg pratar om jobb heime, får eg null respons, seier Bård.
– Sambuaren din har vel berre lyst til å halde beina dine planta på jorda, skyt Vegard inn.
– Men då eg sa at denne videoen var på bloggen til Perez Hilton, det trur eg er fyrste gongen eg har fått noko kred.
– Kva sa sambuaren din då?
– No flyttar vi til Hollywood!

Høyr Ylvisbrødrene om korleis det følast å ha ein internasjonal YouTube-hit:
Ylvis om YouTubehit

Om du vil høyre meir Ylvis i P3morgen, kan du laste ned fredagens sending som podkast. Den finn du både i iTunes, og som mp3-filer her.

Tags: , , , , , , , , , ,

Del "– Vi flyttar til Hollywood"