Helt siden Ronny løp 3000-meteren i mars har han vært gjennom en lavterskels livsstilsendring. Har tiltaket egentlig ført til forbedring? Les hvordan det gikk da programlederen konkurrerte mot sin gamle tid!
Les merArtikler med emneordet ‘trening’
Hjemme var han tom for brød og melk, men Kjetil Jansrud var allikevel i godt humør da han gjestet P3morgen i dag tidlig. I sin tynne genser og blå Hawaii-shorts delte han sine topp tre motivasjonslåter med oss!
Les merTreningsguru Yngvar Andersen har blitt sjølve symbolet på sunnheit. Han ét sunt og lagar ofte mat frå botn. Det er med andre ord ikkje ofte han set til livs den norske nasjonalretten frossenpizza.
Elskar pizza!
No skal det vere sagt at Yngvar elskar pizza, men den lagar han sjølv. Faktisk må vi tilbake til 90-talet sist Yngvar var i nærleiken av å ete frossenpizza.
Difor syns vi det var på sin plass at Yngvar fekk teste om det har vore ei utvikling på frossenpizzafronten sidan sist. Her er dei ulike pizzavariantane han måtte smake på:
Grandiosa klassisk
Originale pepperoni
Wagner Sensatione pepperoni
Big One bacon
Høyr pizzatesten her:
Yngvar pizza denne
No er det viktig å få med at Yngar ikkje testar kva pizza som er sunnast, han testar berre kva pizza som smakar best. Og som du ser på bilete så var det iallefall to stykker som fall i smak hos han Yngvar:
Les merHei bloggen!
Eg skal jo, som du kanskje har høyrd på radio, prøve å nå 100 i benken før jul.
Og i dag vil eg berre dele eit fotografi, for å vise kor sjukt bra det går med treninga for tida:
Her er både Live, Yngve og underteikna på trening saman. Og så på ein grå og kald mandag!
Eg testa tilogmed NRK-badstua i går. Det var skikkeleg awesome. Der skal eg henge meir framover. Kva er eigentleg ok i badstu? Kan ein ha på shorts? Handkle? Korleis skal ein te seg? Og så følast det sundt. Men kor sundt er det? Kommentèr gjerne om du har badsturelaterte innspel!
Bonusfoto: Live Nelvik trenar.
I går lærte Idol-programleiar Ravi oss yoga. Der går nemleg rykter om at han er skikkeleg, skikkeleg god på denne rolege sporten.
Sjekk video her:
Keen på meir Ravi frå P3morgen? Her kan du sjå video av sist han var innom!
Les merPuls-Yngvar har skikkeleg trua på at eg skal klare hundre i benken før jul! Tenk det!
I går laga han opplegg, og viste meg korleis eg skal nå målet mitt. Her følgjer grundig rapport, og eit par generelle treningstips frå Yngvar Andersen.
Hei bloggen!
Ein gong på tidleg 2000-tal var eg skikkeleg nære å ta 100 kg i benkpress. Så vart eg sjuk, og med forkjølelsen rauk treningslysta. Den har aldri komt tilbake. Før no!
Yngve har bete seg merke i at eg av og til, når høvet byr seg, pratar om desse nesten hundre kiloane i sosialt lag. Han har utfordra meg til å, i løpet av hausten, og med hundretusenvis av lyttarar som vitne, nå 100 kg.
I dag var fitnessorakel Kari Jaquesson på besøk i P3morgen, og ho delte villig av sine tips for å komme i betre form.
Kari søkjer for tida ekstremt overvektige folk til ein ny serie på TVNorge. I P3morgen delte ho den perfekte framgangsmåten for å gå ned i vekt, om ein er keen på det.
– Sett deg eitt mål i månaden. Ofte når folk skal gjere livsstilsendringar, tenkjer dei at no skal ein gjere alt med ein gong. Det funkar alltid dårleg. Gjer ein ting om gangen, sa Jaquesson.
Høyr Kari om gåturar, grønnsakfråtsing og å bestige fjell via trapper her:
Kari om trening
– Ikkje spar på dressingen!
“hei kari! jeg er en gutt på 20 år som er undervektig. Hvordan kan jeg legge på meg uten å være ekstremt usunn?”
Det rann inn med spørsmål frå lyttarane under dagens sending. Eitt av spørsmåla som gjekk igjen handla om det å vere undervektig.
Kari anbefalte mellom anna å snike inn ekstra olivenolje i måltida, og å vera raus på dressingen.
Høyr Kari sine tips her:
Kari sine tips til undervektige
– Kor ofte må ein trene?
Kari fekk òg spørsmål frå lyttarane om kor ofte ein eigentleg må trene, og kvifor fettet forsvinn frå alle andre plassar enn magen når ein faktisk trenar. Og kva med trening som gravid? Høyr Kari tipse i veg her:
Har du lyst til å høyre heile intervjuet med Kari, kan du laste ned P3morgen som podkast. Enten via iTunes eller som mp3-filer her.
Les merYngve har ekstremt kroppsfokus i P3morgen for tida, og sette seg i starten av august seg eit mål om å komme seg ut i spagaten i løpet av hausten. Han prøvar alt han kan, på dagane han kallar “sweatpant wednesday”, og her kan du sjå korleis det gjekk i dag, i videoform:
Les mer