Artikler med emneordet ‘fest’

X

– Han veit at det ikkje blir noko på han viss han brukar den eletriske tannbørsten, kunne Marion fortelje oss då ho var på besøk. Marion Ravn er forlova med snøbrettkøyraren Andreas Wiig, og i si nye låt “Colors Turn to Grey” tek ho eit oppgjer med den moderne tannkosten og andre ting ho meiner kan øydeleggje eit forhold.

For å hjelpe Marion med førebuingane til den store bryllaupsdagen, gjennomførte vi like godt ein så kalla “rehersal dinner” i studio. Berre sjå her:

 

Marion avslører at ho ønskjer å ha på seg ein Grace Kelly-inspirert brudekjole men er ikkje heilt sikker på om ho kjem til å servere rømmegraut, peppermakrell og solo, slik ho fekk servert hos oss.

Les mer
X

Fredag er skikkeleg digg, og P3morgen har utfordra kvarandre på å mekke kvar si Spotifyliste med 10 låtar som får det til å kitle i kroppen av helgefølelse!

Les mer

http://www.youtube.com/watch?v=CD2LRROpph0

Rebecca Black har fått millionvis av views og masse hat på YouTube for fredagsfestlåta “Friday”.

I onsdagssendinga lova eg ei avstemming på nett, for å finne ut om vi berre skal pumpe opp volumet og spele heile låta for å feire at helga er på veg i sendinga på fredag.

Så, kva seier du? Skal vi legge frå oss netthatet og berre kose oss på fredag?

Du sa ja, vi spelte låta. Good times!

Ho sel jo meir enn Justin Bieber for tida, godaste Rebecca. Les meir om nettfenomenet Black på nrk.no.

Les mer

Aksel Hennie

For ein fredagsmorgon!
Live har bursdag i dag. Vi feira i tre og ein halv time til endes saman med gjesteprogramleiar Aksel Hennie.

Han var i toppform, og prata om reklamefilmar han lagar, den nye filmen Hodejegerne, som han håpar å få ta ein fyrste titt på snart. Han prata òg om det nye slottet sitt, dottera som er nesten like flink til å spele musikk som dama og så hadde han med seg litt av ei bursdagsgåve. Både eksklusive bollar, eksklusiv eplejuice og ei bakebok med tittelen “Sjekk de brøa”. Fett? Ja!

Som om ikkje det var nok, kom Thom Hell på overraskelsesbesøk, og spelte live for bursdagsbarnet. Han hadde òg tid til å bli med vidare til dagens podkast av sendinga. Den bør du laste ned, altså! Der får du 1,5 time kjempestemning med Hennie, Hell, Hustad Reite, Nelvik og Aase. Og ei løve som brått kom innom studio.
Podkasten kan lastast ned via iTunes og via vår RSS-feed. Og så kan du berre klikke play under her, kjære venn:
P3morgen 10.12.10

BONUS:

Live fekk sjølvsagt gåve frå oss andre òg. Ho elskar Ole Brum, men eg og Yngve fekk ikkje tak i ekte Ole Brum-kopp, så vi laga ein til ho:

Kopp til Live
Yngve teikna sjølvaste bjørnen.

Kopp til Live
Ronny stod for baksida. Ikkje så pen.

Pepperkake frå Silje
Denne søte designpepperkaka laga vår reporter Silje til Live. Du verda, så flink ho er!

Les mer

Podkasten er tilbake

Av , 6. oktober 2010. Postet i p3morgen
X

Yngve er glad

Her har vore krisestemning siste dagane. Podkasttenesta til NRK har vore nede. Kaos!
No er den tilbake på nett då, og P3morgen kan freiste med rykande ferske podkasts frå dei 3 siste dagane.

Les mer

Sjå! Vi rir på hest!

Av , 29. september 2010. Postet i p3morgen
4

Yngve fekk ein ridetime i bursdagsgåve av Live og meg. Og så fann nokon ut at her må det filmast. Og så fann nokon ut at her må Ronny og Live òg opp på hesteryggen.

Thea og Yngve
Yngve poserar med vår greitt gravide reporter Thea. Ho er faktisk god på riding.

Live i ridekostyme
Sjølvaste Live Nelvik kunne observerast på veg heim frå ridetimen i dette kostymet, medan ho åt pasta.

Les mer