Reiseskildring frå Bodø

2
Skrevet av:
Publisert 13:55 22 september, 2011

Hei bloggen!

Vi i P3morgen var med då P3 arrangerte skulefest for Løpsmark skule, rett utanfor Bodø. Eg vil i denne bloggposten skildre reisa vår gjennom video, fotos og lyd. Kall det ei finurleg reisereportasje, om du vil.

Tysdag 20.09


Frøken Nelvik hadde sjølvsagt laga seg matpakke. Brødet var sjølvsagt heimelaga. Her poserar ho med maten, direkte frå flyplassen i Bodø.


Framme på Løpsmark skule. Sola skin og stemninga står i taket. Her ser vi produsent Maria, Yngve og Silje vise kor kjekt dei har det på tur!


Etter å ha sjekka alt teknisk åt vi ein betre middag på ein av Bodø sine thairestaurantar. Denne var vi òg på sist vi besøkte byen. Du kan trygt seie at det har blitt vår stamplass i Bodø. Sjå kor lukkelege og mette heile gjengen er. Live og Silje hadde til og med shoppa seg kvart sitt par sko, og var frå seg av begeistring!

Som om ikkje det var nok, oppdaga Yngve denne Odd-Karsten Tveit-dukka i eitt butikkvindu:

Då skal du vete at det klikka for Yngve! Han ropte av glede, og måtte straks twitre om dukka.


Etter middag cruisa vi gjennom vakkert landskap, mot Saltstraumen. Alle hotella i Bodø var reservert av Norsk Sjukepleiarforbund, som hadde konferanse i byen denne dagen. Hotell Saltstraumen hadde derimot rikeleg med plass, og vi fekk ei unnskulding for å oppleve ein verdskjend attraksjon på skikkeleg nært hald!

Onsdag 21.09

Dagen var komen. SkuleSessions skulle gjennomførast, og vi starta dagen rett ved underverket Saltstraumen klokka 05:00. Eg var sjølvsagt sistemann ut av hotellrommet. Fordi eg er treg.

Vel framme på Løpsmark skule sendte vi direkte frå lærarrommet. Vi fekk mellom anna besøk av Magnus Eliassen. Han er halve Sirkus Eliassen. Dei som har hatt årets sommarhit med “Hjem til dæ”.
Her framførar han låta:

Stilig!
Yngve ville òg ta bilete av meg og Magnus, fordi han syns vi var så like på håret.

Eg måtte òg smake på tørrfisk i spalta “Ronny smakar på vanlege ting”. Sjå korleis Live reagerar på tampen her:

Silje lærte ein gjeng frå 10. klasse korleis ein skal oppføra seg på konsert.

Her kan du høyre korleis det gjekk føre seg:
Silje underviser

Kjempestemning!

Etter sending hang vi rundt på skulen. Sjekka ut konsertarenaen, såg på at resten av P3 jobba, åt pasta.

Her poserar Silje og Live framfor ein skokk med kids på veg til årets feitaste skuledag:

Etterpå reiste vi heim. Her er eit kunstfoto produsent Maria har tatt av Yngve som speidar ut av flyvindauget. Perfekt avslutning på denne bloggposten, spør du meg.

Tags: , , , , , , , , , , , ,

Del "Reiseskildring frå Bodø"