Ronny Brede Aase

Epost: ronny.brede.aase@nrk.no

Hjemmeside: http://p3.no/p3morgen/

Twitter: @ronnyponny

Siste artikler skrevet av Ronny Brede Aase

P3morgens julefrokost

Vi i P3morgen elskar tradisjonar, og arrangerer for tredje år på rad julefrukost frå NRK sitt Store Studio! Kom og bli med!

Fredag 20. desember flyttar vi heile sendinga vår inn i Store Studio! Vi inviterer med oss Honningbarna, Matilda og verdas beste lyttarar!

** PÅMELDINGEN ER AVSLUTTET **

julefrokost 2011

– Nydeleg julemusikk

– Både Honningbarna og Matilda lovar å servere nye versjonar av kjende julelåtar! Det blir garantert heilt nydeleg, seier Silje. Sjølv kler ho seg nok ein gong i sin heimelaga julegenser og gler seg maksimalt til frukostfest på radio – saman med deilige lyttarar.
– Eg håpar du som startar dagen saman med oss utanfor radioapparatet til dagleg har lyst til å henge med oss, reint fysisk, denne fredagen rett før jul.

Live i geografiquiz

Denne fredagen skal òg Live Nelvik gå gjennom den ultimate “kva er hovedstaden i…”-testen! Og du kan vinne radio om ho klarar det.
– Eg har fått så mange spørsmål om hovudstadar, og eg har bomma så mykje. Denne morgonen skal eg verkeleg vise kva eg er god for, seier Nelvik, som gler seg enormt til fellesfrukost.
– Alle vener plar jo samlast før jul. Og eg gler meg enormt til å samle venene vi delar kvar ein morgon med, seier Nelvik på telefon til underteikna.
– Ein dobbel cortado med lettmelk, takk, seier ho vidare. Men denne gongen pratar ho til nokon andre.
– Det blir kjempegøy å runde av P3morgen-året med julefrukost, seier Live Nelvik. Denne gongen til bloggforfattar.

Julefrokost Silje

Kva har skjedd tidlegare?

Dette er tredje gongen P3morgen arrangerer julefrukost. Og tredje gongen er det ein tradisjon, veit du! Her er eit par videohøgdepunkt frå tidlegare år:

I 2011 var LidoLido gjest på P3morgens julefrukost. Han gjorde ei herleg nytolking av sin favorittjulelåt. Sjå video:

 

Eva & The Heartmaker har òg tolka julemusikk på frukosten. I fjor spelte dei nydelege Maybe This Christmas:

 

Live Nelvik tapte ein quiz ein gong, og som straff måtte ho under julefrukosten framføre eit julete og cabaretaktig show:

 

Ungfolane og hitmakarane i Kid Astray framførte under fjorårets frukost sin versjon av Driving Home for Christmas:

 

I fjor arrangerte òg eg den STORE gløggleiken. Det gjekk hardt utover Yngve og Silje:

 

Her framførar Thom Hell og Live Nelvik When You Wish Upon a Star i 2011:

 

Det blir minst like hyggjeleg i år! Kom og kos deg inn i jula saman med oss! Meld deg på her!

Kronprinsesse Mette-Marit og reporter Line på 40-årsdagen til kronprinsessa.

Kronprinsesse Mette-Marit og reporter Line på 40-årsdagen til kronprinsessa.

Vi har i fleire år prøvd å overrekkje kake og kort frå P3morgen og våre lyttarar til dei kongelege, på kongelege merkedagar.
I dag klarte vi det! Kronprinsesse Mette-Marit tok oss hjarteleg imot på hennar 40-årsdag.

Les mer

Ingenting passa betre på ein iskald desembermandag enn litt deilig livemusikk på morgonkvisten. Charlotte Qvale vitja P3morgen og spelte låta si, The Beginning of the end, live for oss.

Charlotte har nett sluppe sin fyrste EP, og kunne røpe at det vart vill feiring då den endeleg var ute sist fredag.

Høyr framføringa her:
Charlotte Qvale – The Beginning of the end

Vil du høyre kvifor Charlotte har eit surt, innrøyka piano som ho har arva frå Petterøes tobakksfabrikk? Eller kvifor ho står opp klokka fem kvar morgon? Sjekk ut vår podkast her!

BONUS:
Sjå Charlotte sin FANTASTISKE cover av Bon Iver frå årets P3aksjon her:

X


@thorhimself – At work in Halden. #P3morgen

Sist veke inviterte vi deg som høyrer på P3morgen til å ta bilete av morgonkvisten din (hahaha, jada. Det høyrast grovt ut, men det er ikkje meint sånn!!) for så å laste opp på Instagram med hashtaggen #p3morgen.

Vi fekk altså så latterlege mange fine fotos. Her har vi samla nokre som får gåve i posten og nokre fleire som fortener heder og ære.
Les mer

Vassleik med Else Kåss

Av , 15. november 2012. Postet i Vassleik
X

I dag var Else Kåss Furuseth på besøk i P3morgen.
Då tenkte vi at det ville passe seg med ei ny utgåve av den STORE vassleiken. Sjå korleis det gjekk her:

X

I Den Store Vassleiken må Yngve og Silje fylle munnane sine med vatn, og prøve å ikkje le når eg spelar av gøyale klipp.
I dag hadde eg gravd i tabbearkivet, og funne eit par artige grovistabber frå både P3 og P2.

Høyr vassleiken her:
vassleik230812

Sommar er grilltid, og vi i P3morgen inviterte mesterkokk og vinnar av Grill-NM, Ole Martin Alfsen på besøk. Sjølv om Ole Martin hatar å grille på eingongsgrill tvang vi han til å prøve å lage best mogleg mat på ein slik. Og så fekk vi deilige mat- og eingongsgrilltips på kjøpet!

Her presenterer Ole Martin sin vesle grillmeny, og viser korleis han har førebudd kjøt, fisk og tilbehør:

Her går tandorilaksen på eingongsgrillen:

Tandoori grillspyd

300 g salmabiter
3 ss tandoori masala
bambus- eller grillspyd
litt olje til pensling

Bruker du bambusspyd legges disse i vann. Salmabitene vendes og dekkes jevnt med tandoorikrydderet, trees på spydene ganske tett og jevnt slik at bitene lettere beholder en litt rå kjerne når de grilles.

Kan fint marinere natten over/et par timer i kjøleskap før grilling.

Når de grilles kan de pensles først med litt nøytral olje, men har du god grillrist er det ikke nødvendig. Legges på veldig varm grill og grilles i omtrent 1 minutt på hver side til den har fått litt farge men fremdeles er litt rå i kjernen. PÅ engangsgrill tok det vel 2 minutter på hver side.

Eple- issalat slaw

1-2 grønne epler – i tynne strimler
½ issalat – i tynne strimler
2 ½ dl matyoghurt/lettrømme
2-4 ss epleeddik
1-2 ss sukker
salt og pepper
evt litt persille/gressløk etc

Bland sukker og eddik i en bolle, ha så i yoghurten og la sukkeret løse seg opp mens du strimler eple og issalaten. Smak til yoghurten med salt, pepper og evt mer eddik/sukker. Bland inn eple og issalat og server umiddelbart.

Grillet svinefilet med enkel soya-ingefærmarinade/saus

1 svine indrefilet

Deles først i to på langs, deretter deles disse i to igjen, Da har du 4 lange ”pølser” som raskt blir ferdige på grillen, og du sitter igjen med mer av den gode grillsmaken – så fremt du ikke griller på engangsgrill! Legg kjøttet i en frysepose el lign.

½ dl ketjap manis – søt soya
½ dl Soyasaus
2-4 ss olje
saften av 1 lime
2 ss revet fersk ingefær
2 fedd finkuttet hvitløk
2 ss finhakket fersk koriander
½ – 1 rød chili – finhakket
nykvernet sort pepper

Bland alle ingrediensene til sausen sammen i en bolle.

Ta av 4 ss av sausen, ha over i samme posen som kjøttet og knyt tett igjen. Marineres et par timer eller natten over.

Tørkes med litt papir og grilles på middels + varm grill, ca 3 minutter på hver side, så kjøttet blir gyllent og gjennomstekt samtidig.

Hviles et par minutter og skjæres i skiver, dryppes med marinaden/sausen ved servering.

Ajvardressing
1 dl matyoghurt
1 fedd hvitløk – hakket
3-5 ss ajvar (paprikasaus som kjøpes på glass)
1 ss hakket koriander
2 ss extra vergine olivenolje
2-3 ss limesaft
salt og pepper

Bland alle ingredienser og smak til.

Men korleis smakte grillmaten etter ei runde på eingongsgrillen? Sjå responsen til Tone Damli her:

Keen på meir mat?

Sjekk ut Tone Damli si heimelaga frukostblanding her.
Her finn du oppskrifta på Tone sin grønnsaksmoothie, og her finn du oppskrifta på Tone sin acaismoothie.

Keen på meir radio frå grillinga og Ole Martin forøvrig?

Sjekk ut vår podkast, med heile dagens sending og eit bonusspor her.

I “Den STORE vassleiken” ber eg Silje og Yngve fylle munnen sin med vatn, og så spelar eg av klipp.
Klippa er eiegentleg heilt vanlege klipp frå fjernsynet, men om du legg godvilja, og den grove fantasien til, så blir det ganske morsomt.

I dag var der hesteridning og 17. mai i fokus. Sjå video her:

I dag tipsa lyttarane Amanda og Bjørn Helge om to ulike klipp.

Amanda har nett sett episode 5 av P3.no-serien La Linnèa Leve, der Linnèa er på ridetur. Sjekk ut episoden her:

Bjørn Helge observerte feilslått bruk av uttrykkjet “fått det inn med morsmelka” i NRK si 17. mai-senidng.
Det originale klippet ligg sjølvsagt tilgjengeleg i NRK sin nett-tv, og du kan sjå det her!

Dersom du oppdagar noko som kan tolkast litt grisete i eit heilt vanleg tv- eller radioprogram, så elskar eg deg om du sender tips til ronny@nrk.no! T-skjorte til alle som får tipset brukt på lufta!

På sjølvaste nasjonaldagen hadde P3morgen sending direkte frå stova mi. Stor stas! I denne sendinga var Shaun Bartlett på besøk, og han spelte to herlege livelåtar. Høyr og sjå dei her!

Girls just wanna have fun

Shaun framførte ein cover på nasjonaldagen. Eigentleg ei partylåt, men Shaun tok den ned i ein noko meir lågmælt versjon, for alle som kanskje ikkje var klare for årets 17. mai-fest.
Sjå den nydelege framføringa her:

Slik høyrdest det ut på radio:
Shaun Bartlett – Girls just wanna have fun

In no time

I tillegg til den nydelege festcoveren framførte Shaun òg ei rykande fersk låt som han nett har skrive. In no time. Høyr den her:
Shaun Bartlett – In no time

Vil du høyre meir av Shaun, og resten av vår store nasjonaldagfrukost?
Sjekk ut P3morgen sin podkast!
P3morgen 17.05.12

Yngve arrangerar sin store vårquiz. Taparen må bade før 17. mai, vinnaren slepp. Som du ser til høgre på sida her, eg ledar 5-4 over Silje.
Nokre utgåver av quizen er sokalla praktiske rundar. I dag skulle vi prøve oss på russeknuta “spis seks Mariekjeks på et minutt.”

Sjekk korleis det gjekk i videoen over her!