– Jesus er metroseksuell
Publisert 12:00 6 september, 2011
Knut Arild Hareide om Jesus si frisyre, trua si rolle i KrF og fotball i dagens P3morgen.
Tysdag morgon var KrF-leiar Knut Arild Hareide gjest i P3morgen. På spørsmål frå ein lyttar om kor vidt ein må vere kristen for å stemme på partiet, svarte Hareide nei.
– Der er mange ikkje-kristne som stemmer KrF, det veit eg. Men dei er kanskje positive til at tru og religion skal ha ein plass i samfunnet. Og så vil dei kanskje at barna skal få høyre om Jesus.
Når programleiar Live spør om der ikkje uansett må ligge ei grunnleggjande tru i bunn, oppstår der ein liten Jesusorientert diskusjon i studio. Høyr praten her:
Hareide om jesus
Fotball, vafler og juice
Knut Arild Hareide er engasjert i fotball, og fortalde i dagens P3morgen mellom anna om si tid som venstreback på Bømlo.
– Men det var vel mest for at me skulle få fult lag, sa Hareide.
I kveld har han invitert massevis av folk på landskampfest heime hjå bror sin. Han planlegg servering av vafler, kanskje taco. Og vatn og juice. Knut Arild må inrømme at han kanskje er ein litt vimsete vert.
– Det kan stemme. Eg er veldig hyggjeleg når eg er til stades, men så kan eg plutseleg forsvinne bort i nokre tankar.
Hektisk, men roleg
Valkampen er hektisk for Hareide, som likevel meiner tilstandane innad i KrF er rolegare enn på lenge.
– Vi har hatt det litt vanskeleg. Der har vore litt uro, og no går det oppover. Vi har hatt betre målingar enn vi har hatt på mange, mange år.
På spørsmål om kva kjærasten tykkjer om valkampkaoset som står på, svarar Hareide at valkamp er eit dårleg ord i forholdet deira.
– Men etter valet skal det bli mange kjekke kveldar, og turar i marka.
Høyr Hareide prate om valkampinnspurt og kjærleik her:
Hareide om valkamp
Vil du høyre heile intervjuet med Knut Arild Hareide frå dagens sending? Last ned P3morgen sin podkast, enten frå iTunes, eller som mp3-filer her.
Tags: fotball, jesus, knut arild hareide, krf, lyd, p3morgen, tro, valg, valgkamp