I “Den STORE vassleiken” ber eg Silje og Yngve fylle munnen sin med vatn, og så spelar eg av klipp.
Klippa er eiegentleg heilt vanlege klipp frå fjernsynet, men om du legg godvilja, og den grove fantasien til, så blir det ganske morsomt.
I dag var der hesteridning og 17. mai i fokus. Sjå video her:
I dag tipsa lyttarane Amanda og Bjørn Helge om to ulike klipp.
Amanda har nett sett episode 5 av P3.no-serien La Linnèa Leve, der Linnèa er på ridetur. Sjekk ut episoden her:
Bjørn Helge observerte feilslått bruk av uttrykkjet “fått det inn med morsmelka” i NRK si 17. mai-senidng.
Det originale klippet ligg sjølvsagt tilgjengeleg i NRK sin nett-tv, og du kan sjå det her!
Dersom du oppdagar noko som kan tolkast litt grisete i eit heilt vanleg tv- eller radioprogram, så elskar eg deg om du sender tips til ronny@nrk.no! T-skjorte til alle som får tipset brukt på lufta!
Les mer