Arkiv for kategorien ‘gjester’

Nordstoga som sextelefonmann

Av , 11. oktober 2011. Postet i gjester
X

Kor sterk er Odd Nordstoga som skodespelar? I dagens P3morgen utfordra vi han med ei noko røff sextelefonscene.

Les mer

Team Me spelte live

Av , 10. oktober 2011. Postet i gjester
1

Seksmannsbandet Team Me kom rett frå Englandsturnè med The Wombats, til P3morgen sitt studio i dag tidleg. På fredag slepp dei debutalbumet sitt, og i dagens sending framførte dei singelen “With my hands…”
Høyr låta her!

Les mer

Thomas Giertsen i P3-terapi

Av , 28. september 2011. Postet i gjester, p3morgen
1
Thomas Giertsen går i P3-terapi og testar ut ein av sine store skrekkar; å gå med caps bak fram

Thomas Giertsen går i P3-terapi og testar ut ein av sine store skrekkar; å gå med caps bak fram

– Det gjer vondt kvar gong nokon ikkje likar meg, også blir eg så glad kvar gong det viser seg at nokon eg trudde ikkje likte meg, likar meg. Thomas Giertsen er på besøk i P3morgen i samband med tv-serien “Helt perfekt” som er sterkt inspirert av hans eige nevrotiske liv.

Testar grenser

Live og Ronny prøver å hjelpe Thomas til eit litt mindre bekymringsfullt liv og gir han rask P3-terapi, som går ut på at han gjer ting han fryktar. Det er derfor han går med capsen bak fram på bildet. Live fekk han nemleg til å snu yankee-hua bak fram og smake på ei halv sjokoladeplate. Særleg sjokoladen sat langt inne og Giertsen blei merkbart meir irritert ettarpå.

Høyr klipp her: Thomas om sjokolade og caps

Det gjekk ikkje så bra siste Thomas Giertsen prøvde å bryte handbak. Her fortel han heile den grufulle historia om då han knakk armen på scena: Thomas om brekt arm og vits

Les mer

Dale Oen og gymbagen

Av , 22. september 2011. Postet i gjester
X



I dagens sending var Alexander Dale Oen innom på besøk. Han er sjukt flink til å svømme, og har mellom anna vunne VM-gull! Han svarte villig på alt lyttarane lurte på, og så fekk vi lov til å rote i gymbagen hans. Han kom jo trass alt rett frå ei 3 timar lang treningsøkt.

Les mer

– Vi flyttar til Hollywood

Av , 16. september 2011. Postet i gjester
3

Bård Ylvisåker har endeleg fått kred på heimebane for jobben han gjer, etter at Perez Hilton hyllar ein ny Ylvisvideo.

Les mer

– Eg har slutta med avsugning. Eg veit ikkje korleis eg gjer det lengre, sa Anna Anka i dagens P3morgen.

Den tidlegare kona til Paul Anka, mellom anna kjend for sin opptreden i serien Hollywoodfruer, er klar for deltakelse i “Skal vi danse?“. Ho har blitt parodiert av mange, mellom anna Sigrid Bonde Tusvik. Sidan begge var hos oss samstundes, måtte vi jo prate om parodien.
Høyr seansen om parodi og avsugning her:
Anna Anka om parodi

Diggar Rune Larsen

Anna Anka er i Norge for å delta i “Skal vi danse?”, og måtte innrømme at ho har pakka for utaktisk.
– Eg har nesten berre med meg sommarklede. Ein kompis sa at eg ikkje kan gå rundt med flip-flops i Oslo. Men eg har jo ingen andre sko, sa Anka, som hadde med seg berre seks koffertar.

På spørsmål om kven Anna kjem best overens med av gjengen som skal vere med på dansebonanzaen, svarar ho kjapt Rune Larsen.
– Han er så himla god! Han er så ærleg, og vil alltid alle vel.
Ellers er det mykje konkurranse og lite vennskap førebels, fortel Anna.
– Alle er heilt sånn “it’s time to kill”.
Sjølv er Anna berre med fordi det er gøy.

Høyr praten om konkurransen og garderoben her:
Anna Anka om dansing og klede

Les mer

Hellstrøm med Ronnys meksikanske gryte.

Vår reporter Silje tok med mesterkokk og programleder Eyvind Hellstrøm hjem til Ronny for å rydde opp på kjøkkenet. Og det trengtes.

Les mer

– Jesus er metroseksuell

Av , 6. september 2011. Postet i gjester
3

Knut Arild Hareide om Jesus si frisyre, trua si rolle i KrF og fotball i dagens P3morgen.

Les mer

Ravi + Live + Yoga

Av , 31. august 2011. Postet i gjester, p3morgen
1

I går lærte Idol-programleiar Ravi oss yoga. Der går nemleg rykter om at han er skikkeleg, skikkeleg god på denne rolege sporten.

Sjekk video her:

Keen på meir Ravi frå P3morgen? Her kan du sjå video av sist han var innom!

Les mer

Vil ha ungdomshus

Av , 24. august 2011. Postet i gjester
X

Artisten Ida Maria spelar ny låt, og pratar om at ho stiller til kommuneval i haust. Kampsaka er ungdomshus på Nesna.

Les mer