Arkiv for kategorien ‘gjester’

Eyvind Hellstrøm har vore heime hos Ronny å rydda opp før. Då fann han kjøtkaker som bestemora til Ronny hadde sendt med vesleguten over fjellet og som han berre kunne varme opp. Det var også det einaste matinnhaldet i kjøleskåpet til Ronny som Hellstrøm meinte var bra nok. 

Vi veit jo alle at Ronny har ein sær gane.

Denne gangen hadde Hellstrøm med seg to typar ost Ronny måtte smake på. Den norske Munkebyosten og den franske Reblochon. Du ser i videoen korleis det gjekk! 

 

Les mer

Yngvars pizzatest!

Av , 18. januar 2012. Postet i gjester
X
Yngvar Andersen testar frossenpizza. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Yngvar Andersen testar frossenpizza. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Treningsguru Yngvar Andersen har blitt sjølve symbolet på sunnheit. Han ét sunt og lagar ofte mat frå botn. Det er med andre ord ikkje ofte han set til livs den norske nasjonalretten frossenpizza. 

Elskar pizza!

No skal det vere sagt at Yngvar elskar pizza, men den lagar han sjølv. Faktisk må vi tilbake til 90-talet sist Yngvar var i nærleiken av å ete frossenpizza. 

Les: To buksestorleikar ned

Difor syns vi det var på sin plass at Yngvar fekk teste om det har vore ei utvikling på frossenpizzafronten sidan sist. Her er dei ulike pizzavariantane han måtte smake på:

Grandiosa klassisk
Originale pepperoni
Wagner Sensatione pepperoni
Big One bacon

Høyr pizzatesten her:
Yngvar pizza denne 

No er det viktig å få med at Yngar ikkje testar kva pizza som er sunnast, han testar berre kva pizza som smakar best. Og som du ser på bilete så var det iallefall to stykker som fall i smak hos han Yngvar:

Det var iallefall to pizzastykker som fall i smak hos Yngvar. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Det var iallefall to pizzastykker som fall i smak hos Yngvar. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Les mer

Det er faktisk heilt sjukt, kor dårlege Live Nelvik sine teikneferdigheiter er.

Men ho er heldigvis klar over det sjølv.

Det heile starta med at Jenny Skavlan og Hasse Hope var på besøk. Dei er aktuelle med programmet tweet4tweet, som har première i kveld. (NRK3, 21:40!!)

Jenny Skavlan har jo hatt gåande ein nakenstrid (som visstnok ikkje er ein strid i det heile) med Marianne Aulie siste veka.
Og der har Aksel Hennie kasta seg på, med ein haug frekke teikningar. Jenny og Hasse tykkjer Aksel Hennie er flink til å teikne.
Og så publiserte plutseleg Aksel Hennie denne teikninga på Twitter.

Teikning av Aksel Hennie

Teikning av Aksel Hennie

Og så vart vi imponert.
Og då sa Live at ho er skikkeleg elendig til å teikne. Det måtte testast. Resultatet vart altså slik:

Les mer
Nora har laga fiskeflette på Live. Foto: Ronny Brede Aase (NRK)

Nora har laga fiskeflette på Live. Foto: Ronny Brede Aase (NRK)

Nora Mørk spelar på handballandslaget til Norge og på Larvik HK når det er vanleg sesong. Ho er ikkje med til VM i Brasil fordi ho er skada med jumper’s knee. Men då er det jo veldig kjekt at ho tek turen innom Live og Ronny i p3morgen.

Som alle handballdamer er ho ein kløppar på å lage fjonge fletter før kamp. Handballkampen er jo deira store scene og deira “time to shine” som det heiter på engelsk, dirfor viser spelarane seg alltid frå si finaste side.

Fiskeflette 1-2-3 

Sjekk ut Nora & Live sin hårvideoblogg:

Sjekk òg video av at vi rota i treningsbagen til Nora:

Les mer
Jan Åge Fjørtoft er ny MGP-programleiar. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Jan Åge Fjørtoft er ny MGP-programleiar. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Jan Åge Fjørtoft skal vere programleiar for dei nye torsdagssendingane under neste års Melodi Grand Prix! Valet av programleiar vil nok kome som ei lita overrasking på fleire, ettersom Fjørtoft er mest kjent som fotballseplar, kommentator og trenar.

Les mer

Juleverkstad med Anne

Av , 25. november 2011. Postet i gjester, p3morgen
X
Anne Lindmo lagar juleverkstad i P3morgen. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Anne Lindmo lagar juleverkstad i P3morgen. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Denne veka stod det i fleire aviser at Anne Sandvik Lindmo “kastar seg inn i talkshow-krigen“.  Men til P3morgen var det ei meir juleprega Anne som tok turen og med seg hadde ho tyggis, karamell, rød papp, limstift og saks som til saman skulle bli julekort!
 
Les mer

Ingrid Bjørnov er ein sånn person som kan spele absolutt alt på piano. Vi utfordra ho på å gjere to store hits om til julelåtar.

Kan ein lage flotte julelåtar av henholdsvis Gabrielle sin “Ring Meg” og Rihanna sin “We found love”?

Høyr Ingrid sine transformasjonar her:
Ingrid Bjørnov julifiserar hits

Les mer

Gladlåtane kjem aldri!

Av , 19. oktober 2011. Postet i gjester, p3morgen
1
Maria Mena kjem aldri til å lage ei gladlåt. Foto: Maria Olivia Rivedal, NRK

Maria Mena kjem aldri til å lage ei gladlåt. Foto: Maria Olivia Rivedal, NRK

Maria Mena er klar for P3sessions i kveld kl 19 og startar dagen med varm kakao hos P3morgen.

Les mer


Marit Larsen er sjokoladeavhengig. Ho påstår det i alle fall sjølv. Då ho vitja P3morgen hadde ho både med eit lass sjokolade, og ei oppskrift på sjukt god kakao.

Les mer

Klemte fingeren helt sinnsykt

Av , 13. oktober 2011. Postet i gjester
X

 

Au. Blås! Lars Vaular har klemt fingeren. Foto: Ronny Brede Aase, NRK P3

Lars Vaular fikk blå negl da han smugrøykte på do.

Les mer