Vil ha ungdomshus
Publisert 12:58 24 august, 2011
Artisten Ida Maria spelar ny låt, og pratar om at ho stiller til kommuneval i haust. Kampsaka er ungdomshus på Nesna.
– På Nesna skjer ting plutseleg, sa Ida Maria på besøk i dagens P3morgen.
Ho stiller til val som representant for partiet SV, som nummer ni på lista.
– Då ordførarkandidat Kristian Sivertsen ringte meg, så tenkte eg; kvifor ikkje?
Det var fyrst då media ringte at Ida Maria innsåg at ho måtte stå for dette. Og det gjer ho.
– Eg har alltid vore redd for å gå inn i politikken. For når eg går inn i noko, så gjer eg det 100%, seier Ida Maria, som kjemper for eige ungdomshus i kommunen.
Høyr Ida Maria prate om si lokalpolitikerkarriere her:
Ida_maria_politikk
Les òg: Ida Maria med musikk i Greys Anatomy
Sjekk ut Lydverket sin Ida Maria-dokumentar frå 2008:
Rykande fersk livelåt
I haust skal Ida Maria spele inn ny plate. I dagens P3morgen framførte ho og gitarist Stefan ei rykande fersk låt. Så fersk at Ida Maria måtte ha med ei notatblokk med teksten, berre for å vere sikker på å ikkje gløyme den.
Låta fekk kjemperespons frå P3morgen-lyttarane. Høyr framføringa omatt her:
Ida Maria – Perfect
Vil du høyre resten av intervjuet med Ida Maria? Last ned P3morgen sin podkast, enten via iTunes, eller som mp3-filer her.
Ida Maria live på Øya 2008
Tags: gjest, ida maria, livemusikk, lyd, musikk, politikk, ungdomshus, video