Ronny Brede Aase

Epost: ronny.brede.aase@nrk.no

Hjemmeside: http://p3.no/p3morgen/

Twitter: @ronnyponny

Siste artikler skrevet av Ronny Brede Aase

2

Snømann. Foto: Propagandalf (Lytter)

her er snømannen sønnen min og jeg lagde i fjor. Tønsbergs høyeste med sine 3.25 mvh Propagandalf

Vi prata om snøskulpturar på radioen i dag. Hovudsakleg fordi ein 18-åring heldigvis kom godt frå å bli skutt på av eit sjukt menneske i dei svenske skogar, etter å ha kasta snøball. Live hevda ingen over 10 år kan forsvare å lage snøskulpturar. Eg var sterkt ueinig. Alle må få lov til å vera kreative i snøen. Og så fekk vi bilder. Og det var utruleg stas. Vi tek gjerne mot både snø- og julerelaterte bilete utover, altså. Morgen til 1987 eller p3morgen@nrk.no

 

snomann2 Foto: Erlend Skauby

Hei hei, her er snømannen jeg bygget foran inngangsdøren til min søster:) hilsen tømrer erlend skauby 25år:)

Og så ei fin tekstmelding frå Tone:

Snøengler, snølykter, snømenn og borger hører til i hagen. Og når barna har flyttet hjemmefra må mann lage selv. 🙂 Tone

Godaste Yngve fekk æra av å opne luke fire i P3Morgen sin julekalender. Kalenderen går stort sett ut på at vi byttar på å opne luke, og at vi står heilt fritt til å velgje kva som skal vere inni. Yngve gjekk for å lese ei historie i ekte Prøysen-ånd for oss. I tillegg køyrde vi på litt Winter Wonderland, og åt kakemenn som mor mi hadde sendt oss. Good times.

Høyr alt saman her:

julekalender4

Live og Stig Henrik Hoff. Foto: Live Nelvik
Live og Stig Henrik Hoff. Foto: Live Nelvik

På søndag startar serien God natt, elskede på NRK1. Komikrim, faktisk. Stig Henrik Hoff er med på festen, og i dag vitja han P3Morgen. Vi nytta høvet, til å lage radiohøyrespel. Medvirkande er Stig Henrik Hoff, Live Nelvik og Yngve Hustad Reite. Høyr herlegheita her:

Julekalenderluke 3!

Av , 3. desember 2009. Postet i p3morgen
1

Eg mekka ei frekk utgåve av det kjende konseptet “Singing Bee”/”Kan du teksten?” i dagens julekalenderluke. Marsipangris i premie, sang og moro i studio!

luke 4

Våre personlege topp 5

Av , 1. desember 2009. Postet i p3morgen
X

I dag startar kåringa av tiårets norske låtp3.no. Både eg, Live og Yngve har satt opp personlege topp 5-lister. Sånn berre for gøy:

Les mer

Trond Viggo på besøk!

Av , 19. november 2009. Postet i p3morgen
3

Live Nelvik og Trond Viggo Torgersen. Foto: Live Nelvik

I dag var Trond Viggo Torgersen på besøk i P3Morgen. Det var veldig hyggjeleg. Live nytta sjølvsagt anledninga til å ta bilete av seg sjølv saman med den kjende legen, musikaren og komikaren.

Trond Viggo serverte òg ei feiande flott morgonmelding, som du kan laste ned, og bruke som vekkerklokke.

Trond Viggo si, og alle andre vekkemeldingar er å finne her!

Ellers kan vi jo ta med eit par ekstra bilete frå dagen i dag. Her, eit dårleg og rart bilete av Yngve:

Yngve Hustad Reite

Haha.

Her er eit bilete av tavla der vi skriv opp kva for gjestar som dukkar opp, og tilfeldigvis står nokre av gjestane neste veke på biletet!

tavla

Hoho! Frekk liste. Kven kan så denne AK vere?

Live pratar med ei veninne i telefonen, forresten. Ho har på så høg lyd at eg nesten kan følgje samtala. Men berre nesten.

Daggering, altså!

Av , 17. november 2009. Postet i p3morgen
4
Daggering (Foto: cphdox.dk)

Daggering (Foto: cphdox.dk)

Det vart visst mykje prat om denne spennande danseformen i dagens sending. Eg lovde å leggja ut link til innslaget om sex med klede på frå Store Studio. Sjå den fabelaktige reportasjen her!

Og her er trailer for dokumentaren om fenomenet. Eg spår kinotoppen!

 

Og så kan du jo sjekke ut Major Lazer sin Pon de Floor medan du er igang. Vill låt, daggering inkludert.

Vil du ha endå meir daggering? Sjekk ut litt streetdaggering frå nettstaden Youtube. Sjuke greier. Eller som Live har sagt fleire gonger i dag: “Hvorfor bor jeg i Norge? Hvorfor bor jeg ikke på Jamaica?”.

Status på kontoret

Av , 16. november 2009. Postet i p3morgen
X

Det er mandag, og eg er overtrøytt på kontoret. Difor bloggar eg.

Eg fann P3Morgen sitt smått ubrukelege kamera her i stad. Eg knipsa nokre fotos på kontoret, og då eg såg på dei etterpå, oppdaga eg at Yngve liknar mistenkjeleg på eit teikneseriedyr. Sjå fotomontasje:

Yngve og Esel (Foto: Ronny Brede Aase/Universal)

Sjølv om dette er slåande likt, trur eg kanskje der er ein hest frå ein teiknefilm Yngve liknar endå meir på. Men eg kjem ikkje på kva for ein. Tips vert motteke med takk i kommentarfeltet.

Her er eit bilete av Live. Ho “dansar”, og lærar seg koreografi til den nye favorittlåta si.

Live Nelvik dansar

Kva er så favorittlåta til Live, spør du kanskje?

Den er her:

Eg hadde òg planar om å blogge eit bilete av alle brusflaskene på pulten min, og av produsent Pernille.

Men det droppa eg, altså.

Bilete av hyggjeleg besøk

Av , 13. november 2009. Postet i p3morgen
3

Fem nye kvardagar er unnagjort. Fredag ettermiddagen er her. For å feire bloggar vi bilete av nokre gjestar som har vore innom.

Finansminister Sigbjørn Johnsen var innom i dag. For ein triveleg type! Han ga oss massevis av tips, og forklarte korleis ting står til. Han kunne òg røpe at han privat brukar alt for mykje pengar på ski.

Sigbjørn Johnsen

Og det er ikkje berre Sigbjørn, eller Ziggy, som folk ofte kallar han, vi har bilete av…

Les mer

Få deg ny vekkerklokke!

Av , 6. november 2009. Postet i p3morgen
2
Time to decision (Foto: flickr.com/ar88, tilgjengelig under CC BY 2.0 lisens)

Time to decision (Foto: flickr.com/ar88, tilgjengelig under CC BY 2.0 lisens)

Alle gjestane vi får på besøk i P3morgen, serverar ei lita vekkemelding til deg som lyttar. Desse meldingane legg vi ut på bloggen vår, sånn at du kan fråtse, og laste dei ned.

Les mer