Bilete av hyggjeleg besøk

3
Skrevet av:
Publisert 16:21 13 november, 2009

Fem nye kvardagar er unnagjort. Fredag ettermiddagen er her. For å feire bloggar vi bilete av nokre gjestar som har vore innom.

Finansminister Sigbjørn Johnsen var innom i dag. For ein triveleg type! Han ga oss massevis av tips, og forklarte korleis ting står til. Han kunne òg røpe at han privat brukar alt for mykje pengar på ski.

Sigbjørn Johnsen

Og det er ikkje berre Sigbjørn, eller Ziggy, som folk ofte kallar han, vi har bilete av…

Jon Niklas Rønning var innom førre veke. Då opna han Facebookprofilen sin for alle som ville leggja han til som venn. Han har fått over 600 vener. Torsdag var han tilbake for å fortelje korleis det går, og kunne melde at han mellom anna følgde opp nokre nye Facebookvenner frå Bergen, ved å invitere dei på middag då han var der. Ein av Jon Niklas sine nye vener skal snart setje opp lettvegg heime i leiligheita til Jon Niklas. Det blir nok stas for han.

Jon Niklas Rønning

Torsdag var òg Asbjørn Slettemark, programleiar for Lydverket på NRK1 innom. Han orienterte om fenomenet Bjørn Hellfuck. Bjørn Hellfuck kan du nemleg sjå ei reportasje om i onsdagens lydverket, og Hellfuck er å finne på Urørt, der han har fått sjuuuukt mykje spelingar.

Asbjørn Slettemark

Legg merke til NASA-koppen.

Neste veke lovar vi å hugse å knipse fotos kvar dag. Fram til då kan du høyre fleire timar radio frå veka som har gått via vår podkast, og så kan du høyre høgdepuntk laurdag og søndag frå 8-10 på P3.

God helg!

Del "Bilete av hyggjeleg besøk"