Ronny Brede Aase

Epost: ronny.brede.aase@nrk.no

Hjemmeside: http://p3.no/p3morgen/

Twitter: @ronnyponny

Siste artikler skrevet av Ronny Brede Aase

p3mface

2010, og P3morgen har endeleg fått seg Facebookside. Du må jo bli tilhengjar! Og det blir du ved å enten søke opp P3morgen oppe til høgre i Facebooken din, eller ved å gå til http://www.facebook.com/p3morgen.

Og som om ikkje det er nok:

No kan du laste ned NRK P3 sin app til iPhone og smarttelefonar som køyrer Android og greier. Og denne appen inneheld ikkje berre NRK P3. Åneeeeida. Du kan òg høyre NRK mP3, P3 Pyro, P3 National Rap Show og P3 Radioresepsjonen. Og så kan du frotse i spelelister og podkastar . Du kan sjekke ut Face-profilen til NRK P3 og Twitter-profilen vår.

Gud hjelpe for ein pangstart på det nye tiåret!

Morgonstemning frå Førde

Av , 25. desember 2009. Postet i p3morgen
X

Sidan Yngve har blogga morgonstemning frå NRK-kontoret i Molde, lyt eg nesten leggje ut nokre bilete frå Førde denne fyrste juledagen.

Førde 1

Dette er vegstrekket fram mot fyrste lyskrysset i Sogn og Fjordane. Særs roleg denne morgonen.

Førde 2

Utruleg kosleg å komme inn på NRK Sogn og Fjordane. Julegrana i resepsjonen er tent, og gourmetkaffimaskina er fylt til randen av kaffibønner.

Førde 3

Og så så frykteleg fin utsikt frå studiovindauget!

Framleis god jul! Koz og klemz frå Ronny, som tar velfortent(?) juleferie no.

Høgtida er over oss. P3morgen ønskjer deg ei herleg og god jul, og serverar siste luka i julekalenderen vår. Eg køyrde “kjende julefenomen-quiz” på Live og Yngve. Høyr, høyr.

LUKE24

Nok ein gong:

Riktig god jul til deg. Koz&juleKlemz frå P3morgen!

Vi har løyst eit mysterium!

Av , 22. desember 2009. Postet i p3morgen
X

I går fekk vi epost frå Julie og Børge frå Trondheim. Dei fann ei julegåve då dei var på kveldstur med hunden Tina, og ville etterlyse eigaren i P3morgen. Vi etterlyste i veg på lufta i dag. Fann julegåva sin rettmessige eigar? Høyr lydklippet under her då vel!

Julegåve på avvege

Why change a winning concept, seier folk av og til. Og ein kan jo spørja seg om det kanskje stemmer. Eg køyrde ei ny runde med konseptet “Singing Bee“, som eg har stole frå TV3. Denne gongen: Dansebandjulelåtspesial. Høyr, høyr!

Luke 21

Live som alv!

Av , 18. desember 2009. Postet i p3morgen
X

Jajaja, fenomenet Elfyourself er fønni. Eg har laga ein video der Live dansar seg svett.

Send your own ElfYourself eCards

Vi har opna luke 16!

Av , 16. desember 2009. Postet i p3morgen
2

16

Julekalenderen går sin gang i P3Morgen. I dag hadde eg tukla med kjende og kjære julelåtar. Spelte dei baklengs og slikt. Og så skulle Live og Yngve gjette då, veit du. Høyr det heile her:

Luke 16

For oppteken med å lovprise helga, at eg gløymde å blogge julekalenderluke 11 på fredag. Ei skandale!

Heldigvis bloggar eg den no. Håpar det er ok.

Den store “kjenn-igjen-kjenningsmelodien-til-julekalenderen-quizen”.

luke11

Der! Woha!

Sjekk ut dagens luke frå Yngve under her. Han er flinkare enn meg. Sånn er livet, avogtil.

Vi ELSKAR dei to fyrste Home Alone-filmane. Eg gjer i alle fall det. Her er eit nydeleg foto:

Og fordi dette julefenomenet er så FANTASTISK følte eg ein quiz om temaet var på sin plass.

Høyr heile greia her:

Juleluke 8

Yngve elskar sjokolade

Av , 7. desember 2009. Postet i p3morgen
1

Yngve Hustad Reite

Nyhendeguru og Moldenser Yngve Hustad Reite vann i P3Morgen-redaksjonen sin interne julekalender i dag. Og så ein pose sjokolade, då gitt! Han delar med alle oss andre. Det er kosleg.
Og så slo det meg. Yngve er ein sjokoladehund. Elskar det. Her for eksempel, eit bilete frå fredag. Då jafsa han i seg ein Hobby i studio. Jøsses!

Yngve Hustad Reite