P3morgen tar helg etter herleg sending med sjølvaste Ravi som gjesteprogramleiar. Her kan du sjå to små videoar frå sendinga. Vil du høyre meir utover dette, kan vi anbefale podkasten vår, som du finn både i iTunes, og som RSS-feed.
Ronny Brede Aase
Epost: ronny.brede.aase@nrk.no
Hjemmeside: http://p3.no/p3morgen/
Twitter: @ronnyponny
Siste artikler skrevet av Ronny Brede Aase
Vi hadde FRP-leiar Siv Jensen på besøk i dag. Ho prata om morgonvanene sine, ferien ho nett er ferdig med og ubehagelege opplevelsar med folk som er ueinige i politikken hennar. Vi prata òg litt om kjærleikslivet hennar. Ho kunne meddele at ho har eit, sjølv om ho aldri brettar det ut i Se & Hør. Men så er ho jo veldig hemlegheitsfull, då. Difor laga vi ein liten quiz for å finne ut kva type menneske ho passar saman med. Og vi tok sjølvsagt utgangspunkt i oss sjølve. Ronny og Live.
Intervjuet med Siv høyrer du på podkast her
og HER kan du òg prøve deg på quizen “Hvem passer du sammen med, Live eller Ronny?”
Det er Twilightfeber, folkens! I dag ba vi deg som høyrde på sende inn spørsmål til Alex Meraz, som spelar varulven Paul i filmane.
I morgon kan du høyre svara hans i P3morgen. No kan du sjå dei her:
Og her kan du sjå Yngve gjennomføre sitt sommarintervju:
I dag hadde vi besøk av Odd-Magnus Williamson frå Torsdag Kveld fra Nydalen på TV2. Han har ferie heilt til august, men stod likevel tidleg opp for å stikke innom P3morgen. Han tok med seg ein sketsj som vart for dryg for 21:40, torsdag kveld, på TV2. 09:20 i P3morgen, derimot. Good times! Høyr Odda og Live i sketsjen “Humorpolitiet” her:
Tysdag var Tone Damli Aaberge innom P3morgen. Sjekk videoen. Vi rotar i veska hennar.
Shiiit! Snart påske, og sommartid. Eg, Live og Yngve tek to veker ferie. Vi forsvinn frå radioen litt. Pustar, søv lenger, ladar opp til vår og nye morgonar saman med deg.
Rune Nilson, kjend for mange P3-lyttarar er supervikar i påska, og sørgar for at du får feit morraradio frå 7-10 til april er godt igang.
I kveld debuterar ho som programleiar for Masterchef på TV3. På morgonkvisten tok ho seg tid til å prate om både matforgifting i Amsterdam, at ho hentar Eyvind Hellstrøm i ein bitteliten bil kvar morgon, og så grafsa vi i søppelet hennar. Høyr alt saman her på P3morgenbloggen.
Matforgifta på tampen
Jenny kunne fortelje at ho vart matforgifta i forbindelse med innspelinga av Masterchef. Då tenkjer ein gjerne at ein av dei rundt 300 matrettane ho har smakt på i programmet var årsaka. Det var imidlertid på veg heim frå siste innspeling, under ei mellomlanding i Amsterdam, at Jenny og dommarane fekk ei grusom matoppleving.
– Eg, Jan (Vardøen, dommer. journ. anm.) og Tom Victor (Gausdal, dommer. journ anm.) skulle spise sånne bitterballen, tyske kjøttbollar. Eg skjønar kvifor dei kallast bitter, for du blir så jævla bitter når du har ete dei, og blir matforgifta, sa Jenny.
– Det var det siste måltidet vi skulle spise saman.
Høyr lyd: Jenny om matforgiftelse i Amsterdam
Jenny hentar Hellstrøm i minibil
Eyvind Hellstrøm mista jo lappen i fjor. Jenny kunne fortelje i P3morgen at det er ho som sørgar for at han kjem seg på jobb for tida.
– Eg hentar på morgonen. Sender sms til Eyvind kor eg skriv sånn “står utenfor, søta!”. Og så får eg sånne fancye, franske meldingar tilbake.
Høyr Jenny fortelle om sitt forhold til Hellstrøm og dei andre dommarane: Jenny hentar i bilen sin
Du er keen på meir Jenny, du! Det skal du få!
Her er 15 minutt med herleg, hes Jenny til øyret ditt: Jenny Skavlan – heile intervjuet
Fredag morgon hadde vi besøk av den svenske popsensasjonen Agnes. Ho som er kjend for grisehiten “Release Me”, mellom anna. Då Agnes var liten drøymde ho om å enten bli popstjerne eller bussjåfør. Og sidan ho er popstjerne tenkte vi at ho skulle få prøve å køyre buss hos oss.
Høyr korleis det gjekk her: Agnes koyrer buss
Janne Formoe besøkte P3morgen i dag, og ga villig vekk eit sett nøklar frå roteskuffa si, til P3morgen sin Wall of Crap.
– Eg prøvde nøklane i leiligheita mi, for dei er jo så nye og fine. Men dei passar ikkje der, sa Formoe, som ikkje anar kor dei nyslipte nøklane høyrer heime. No er både nøklane og den tilhøyrande, skitne åleskinnpungen gjeve vekk til P3morgen.
Høyr at vi rotar i roteskuffa til Janne Formoe her: Janne Formoe
P3morgen hadde besøk av Jonna Støme i dag. Jonna er aktuell med showet “Fargerikt Faenskap“, kor han mellom anna måtte stryke ein skikkeleg frekk vits, fordi han frykta for eige liv.
Høyr delar av den livsfarlege vitsen her: Jonna vits