Jenny Skavlan stakk innom!

X
Skrevet av:
Publisert 12:44 16 mars, 2010

I kveld debuterar ho som programleiar for Masterchef på TV3. På morgonkvisten tok ho seg tid til å prate om både matforgifting i Amsterdam, at ho hentar Eyvind Hellstrøm i ein bitteliten bil kvar morgon, og så grafsa vi i søppelet hennar. Høyr alt saman her på P3morgenbloggen.

 

Matforgifta på tampen
Jenny kunne fortelje at ho vart matforgifta i forbindelse med innspelinga av Masterchef. Då tenkjer ein gjerne at ein av dei rundt 300 matrettane ho har smakt på i programmet var årsaka. Det var imidlertid på veg heim frå siste innspeling, under ei mellomlanding i Amsterdam, at Jenny og dommarane fekk ei grusom matoppleving.

– Eg, Jan (Vardøen, dommer. journ. anm.) og Tom Victor (Gausdal, dommer. journ anm.) skulle spise sånne bitterballen, tyske kjøttbollar. Eg skjønar kvifor dei kallast bitter, for du blir så jævla bitter når du har ete dei, og blir matforgifta, sa Jenny.

– Det var det siste måltidet vi skulle spise saman.

Høyr lyd: Jenny om matforgiftelse i Amsterdam

 

Jenny hentar Hellstrøm i minibil

Eyvind Hellstrøm mista jo lappen i fjor. Jenny kunne fortelje i P3morgen at det er ho som sørgar for at han kjem seg på jobb for tida.

– Eg hentar på morgonen. Sender sms til Eyvind kor eg skriv sånn “står utenfor, søta!”. Og så får eg sånne fancye, franske meldingar tilbake.

Høyr Jenny fortelle om sitt forhold til Hellstrøm og dei andre dommarane: Jenny hentar i bilen sin

Du er keen på meir Jenny, du! Det skal du få!
Her er 15 minutt med herleg, hes Jenny til øyret ditt: Jenny Skavlan – heile intervjuet

Del "Jenny Skavlan stakk innom!"