Artikler med emneordet ‘silje nordnes’

Yngve lot seg frisere og Silje testa oss i skikk og bruk, ikledd prinsessekjole. Gjesteprogramleiar Kristin Skogheim tok over sendinga, og så dukka lutseleg Veronica Maggio opp i studio. Det har vore litt av ein fredag i P3morgen, og her kan du sjå høgpdepunkta på video!

Kristin Skogheim testar yrker i det nye programmet “Komikere i arbeid” på TV 2. Vi lot ho teste frisøryrket i P3morgen sitt studio, og Yngve meldte seg frivillig til å få på plass vårfrisyra. Han angrar kanskje no. Sjå korleis klippinga gjekk føre seg i videoen øvst på sida.

Skogheim som tekniker

Kristin fekk òg prøve seg på eitt anna yrke. Nemleg programleiar med teknisk ansvar. Sjå korleis det gjekk her:

Royalt selskap

Reporter Silje har heile denne veka vore på dannelsesreise med herskaplege Toppen Bech som mentor.
Les, høyr og sjå alt om det her!

I dag kuliminerte dette i ein slags skikk- og brukeksamen i P3morgen. Silje inviterte til royalt middagsselskap, og testa dei andre sine eigenskaper innanfor det å oppføre seg danna. Her er video av seansen:

Maggio stakk innom

Som om ikkje alt dette var nok, dukka plutseleg den svenske hitprinsessa Veronica Maggio opp i studio!

For ein fredag!

Les mer