Video frå fredagsfesten med Skogheim
Publisert 12:54 29 april, 2011
Yngve lot seg frisere og Silje testa oss i skikk og bruk, ikledd prinsessekjole. Gjesteprogramleiar Kristin Skogheim tok over sendinga, og så dukka lutseleg Veronica Maggio opp i studio. Det har vore litt av ein fredag i P3morgen, og her kan du sjå høgpdepunkta på video!
Kristin Skogheim testar yrker i det nye programmet “Komikere i arbeid” på TV 2. Vi lot ho teste frisøryrket i P3morgen sitt studio, og Yngve meldte seg frivillig til å få på plass vårfrisyra. Han angrar kanskje no. Sjå korleis klippinga gjekk føre seg i videoen øvst på sida.
Skogheim som tekniker
Kristin fekk òg prøve seg på eitt anna yrke. Nemleg programleiar med teknisk ansvar. Sjå korleis det gjekk her:
Royalt selskap
Reporter Silje har heile denne veka vore på dannelsesreise med herskaplege Toppen Bech som mentor.
Les, høyr og sjå alt om det her!
I dag kuliminerte dette i ein slags skikk- og brukeksamen i P3morgen. Silje inviterte til royalt middagsselskap, og testa dei andre sine eigenskaper innanfor det å oppføre seg danna. Her er video av seansen:
Maggio stakk innom
Som om ikkje alt dette var nok, dukka plutseleg den svenske hitprinsessa Veronica Maggio opp i studio!
For ein fredag!
Tags: frisør, frisyre, kristin skogheim, Kristine Riis, mote, p3morgen, ronny brede aase, silje nordnes, skamklipp, skikk og bruk, veronica maggio, video, yngve hustad reite