Artikler med emneordet ‘silje nordnes’

Sommerferien er over! Mandag 13. august kl 06.30 er Ronny, Silje og Yngve igjen på plass i din morgenradio.

– Eg trur det blir ein herleg sesong. Eg gler meg så latterleg mykje til å komme i gang att. Vi har lagt store planar og vi har allereie booka fleire awesome gjestar, sier programleder Ronny.

Les mer

Silje har lenge undra seg over kor langt eit “steinkast” er. Når nokon til dømes seier: “Stranda ligg eit steinkast unna hotellet” – kva distanse er innanfor?

Dette kjente utsegnet er gamalt og er brukt både i Bibelen og i norrøn tid. Det baserer seg på kor langt ein voksen mann klarar å kaste. Og gjennomsnittet landar på 60 meter, kunne ein artikkel i vg.no opplyse Silje om.

Silje er korkje voksen mann eller verdsmeister i å kaste ting (verdsrekorden i å kaste ein cricketball ligg på 128, 6 meter), men tok altså med seg eit egg (ettersom ho ikkje hadde stein) ut på terrassen og kasta det så langt ho kunne.

Egget knuste på 17,5 meter.

Les mer

I “Den STORE vassleiken” ber eg Silje og Yngve fylle munnen sin med vatn, og så spelar eg av klipp.
Klippa er eiegentleg heilt vanlege klipp frå fjernsynet, men om du legg godvilja, og den grove fantasien til, så blir det ganske morsomt.

I dag var der hesteridning og 17. mai i fokus. Sjå video her:

I dag tipsa lyttarane Amanda og Bjørn Helge om to ulike klipp.

Amanda har nett sett episode 5 av P3.no-serien La Linnèa Leve, der Linnèa er på ridetur. Sjekk ut episoden her:

Bjørn Helge observerte feilslått bruk av uttrykkjet “fått det inn med morsmelka” i NRK si 17. mai-senidng.
Det originale klippet ligg sjølvsagt tilgjengeleg i NRK sin nett-tv, og du kan sjå det her!

Dersom du oppdagar noko som kan tolkast litt grisete i eit heilt vanleg tv- eller radioprogram, så elskar eg deg om du sender tips til ronny@nrk.no! T-skjorte til alle som får tipset brukt på lufta!

Les mer

Fire pils og ein pizza

Av , 3. mai 2012. Postet i p3morgen, Yngve
X
Fire pils og ein pizza. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK

Fire pils og ein pizza. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK

 
I går fekk vi inn ei tekstmelding av lyttar Ole 21 som kunne fortelje at då han var russ, tok han ein russeknute som gjekk ut på å drikke fire pils og ete ein pizza under Åge Aleksandersen si låt “Fire pils og en pizza”. Dette tenkte Yngve kunne vere ein artig konkurranse mellom Silje og Ronny i vårquizen.

Den som tapar vårquizen må nemleg bade i sjøen før 17. mai og førebels ligg dei to programleiarane særs likt. 

Produsent Maria steikte pizza og Yngve hadde med øl, dermed låg alt til rette for ein ellevill konkurranserunde i P3morgen. Vi hadde også besøk av ein skuleklasse akkurat denne dagen, difor fekk Ronny og Silje ekte publikum. Det er jo slik det ofte er under konkurransar. 
 
Her kan du sjå korleis det gjekk:

Les mer

Den store vassleiken!

Av , 23. april 2012. Postet i p3morgen, Vassleik
1

Dette er “Den store vassleiken”:

Ronny spelar av klipp som kan tolkast grovt. Yngve og Silje må fylle munnen sin med vatn og prøve å ikkje le medan dei høyrer på desse klippa. Det er altså lett å tenkje koffert her. Viss Silje eller Yngve ler blir den som ikkje ler mest sannsynleg klissvåt. Og det er jo det som er gøy!

I høve Manchester City/United oppgjeret har Silje kledd seg i United-trøya si:

I dag går det verkeleg for seg i “Den store vassleiken”. Silje sprutar vatn over heile Yngve:

Ronny har funne nye artige klipp som han spelar av medan Silje og Yngve må ha munnen full av vatn. Det er om og gjere å ikkje le, men det er jo ikkje så lett når alt du høyrer kan tolkast ein smule grovt. Her er andre runde i konkurransen “Den store vassleiken”:

Her kan du sjå første runde i “Den store vassleiken”:

Les mer

Erik Thorstvedt utfordrar Silje og Ronny i fotballquiz og siste post er straffekonk med sjølvaste Thorstvedt’n i mål. Det blir eit salig kaos på den gode måten:)

 

Les mer

Sexy fysikk

Av , 16. april 2012. Postet i gjester, p3morgen
X
Ronny med vernebriller. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK
Ronny med vernebriller. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK

Kan fysikk vere sexy? Å ja det kan det! Andreas Wahl, kjent frå mellom anna “Lyngbø og Hærlands Big Bang” på NRK viser oss artige og morosame triks ein kvar av oss kan få til.

Yngve fekk det ærefulle oppdraget å vere assistenten til Andreas medan Ronny og Silje måtte gå med neonfarga vernebriller. Sjå korleis det gjekk då Andreas fyrte opp ein gassbrennar i stuido:

Vi syns neonvernebrillene var så fine og Silje ville gå med sine sjølv etter at eksperimenteringa var over og her ser du bilete av det:

Silje med vernebriller. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK

Silje med vernebriller. Foto: Maria Olivia Rivedal/NRK

 

Les mer
X

– Han veit at det ikkje blir noko på han viss han brukar den eletriske tannbørsten, kunne Marion fortelje oss då ho var på besøk. Marion Ravn er forlova med snøbrettkøyraren Andreas Wiig, og i si nye låt “Colors Turn to Grey” tek ho eit oppgjer med den moderne tannkosten og andre ting ho meiner kan øydeleggje eit forhold.

For å hjelpe Marion med førebuingane til den store bryllaupsdagen, gjennomførte vi like godt ein så kalla “rehersal dinner” i studio. Berre sjå her:

 

Marion avslører at ho ønskjer å ha på seg ein Grace Kelly-inspirert brudekjole men er ikkje heilt sikker på om ho kjem til å servere rømmegraut, peppermakrell og solo, slik ho fekk servert hos oss.

Les mer

P3morgen er tilbake fra påskeferie! Silje har begynt som programleder sammen med Ronny og Yngve. Her kan du ta P3s Bli kjent med Silje-quiz.

Trykk her for å ta quizen!

Les mer

I går la vi ut eit fotografi av reporter Silje i vår nye Goodtimesorienterte t-skjorte på Facebooksida vår.
Og så var det mange som tykte den var fin, og som har lyst på.

Då tenkte vi: Hei! Vi lagar konkurranse på bloggen, då!

Her er konkurransen:

Send oss eit bilete av deg sjølv i den styggaste t-skjorta du har! Ta med namn, adresse og størrelse.
Send inn til p3morgen@nrk.no.

Vi trekk ut fem stykk som har skikkeleg stygge t-skjorter, og så sender vi ei fin og ny i posten!

Lykke til! Vi gler oss til å sjå! Vinnarane sine stygge t-skjortefotos blir sjølvsagt lagt ut her på bloggen.

Les mer