Karoline inviterar til kosekveld for 20 000

2
Skrevet av:
Publisert 11:52 3 september, 2010

Ubudne gjester vil kose med Karoline og venninnene hennes! (Illustrasjon: Rashid Akrim, NRK P3)

Karoline Jonassen frå Kristiansand var keen på ein skikkeleg kosekveld med jentene i klassen. Så då gjorde ho som folk ofte gjer, oppretta Facebookevent på greia.

Men så vart plutseleg eventet skikkeleg offentleg, og folk tenkte sånn “YEAH! Eg vil på kosekveld med jentene!!”, og no er der nesten 20 000 som har meldt seg på.

Vi tok ein prat med Karoline i P3morgen i dag. Høyr heile greia her.

Karoline om kosekveldeventet på Facebook

– Eg tenkte vi kunne ta turen ut, ete middag og ta eit glas vin, og så stikke heim og kose oss i sofaen, sa Karoline, som no berre må avvente vidare planar når det kjem på eventet som etterkvart kan fylle ein greitt stor fotballstadion.

Gjesteprogramleiar Sven Nordin anbefalte Karoline å satse på tapas eller liknande lett mat, når 20 000 skal samlast til kosekveld.

Keen på meir lyd frå P3morgen? Sjekk ut podkasten vår i iTunes eller som RSS-feed.

Del "Karoline inviterar til kosekveld for 20 000"