Vi mimrar – på video!

2
Skrevet av:
Publisert 11:26 21 mars, 2012

Denne veka mimrar vi i radioen fordi Live skal bli mamma og difor forsvinn ut av radioen for å oppdra avkom.
Mykje av det du høyrer på radio denne veka finst på video òg. Og så er der ting vi berre har på video. Difor: Her er ein mimrebloggpost stappa full av gøyale P3morgenvideos. Kos deg!


bursdagen til Live, 10. desember, kom Thom Hell på overraskelsesbesøk. Live elskar Thom, sånn reint musikalsk, og då spesielt låta Darling. Sjå Thom overraske Live her:

Vi ga Yngve ein ridetime i bursdagsgåve ein gong. Og så fann nokon ut at alle kunne bli med, og at det hadde vore kult med passande kostymer. Dette er ein video frå P3morgen sin ridetime:

Her er eit fjasete fredagsklipp der Live hikkar og Yngve har spiseforstyrrelsar:

Marion Ravn arrangerte X-factoraudition for oss i P3morgen. Det gjekk sånn akkurat passe. Sjå det på video her:

Her syng Didrik Solli-Tangen og Live duett. Eller… Live rappar.

I fjor arrangerte Yngve julequiz i P3morgen. Taparen måtte setje opp eit lite juleshow då vi hadde sesongavslutning direkte frå Store Studio. Her kan du sjå Live framføra eit noko skittent minishow:

Og her syng Live “When you wish upon a star” saman med Thom Hell på julefrukosten vår:

Live har tapt førjulsquiz før, ho! I 2010, under P3 JuleSessions, måtte ho som straff for å tape, framføre O’ Helga Natt. Åleine, framføre over 1000 publikummarar på Sentrum Scene. Sjå det her:

Visste du at Live er skikkeleg dårleg på teikning? Sjå her:

I fjor haust gjorde Live braksuksess med serien “Dama til”, der ho sjekka korleis det er å vera kjærasten til norske kjendismenn. Yngve lanserte motspalta “Typen til”, der han sjekka kjærastepotensialet til Live. Her testar vi kriteriet “hun må se bra ut når hun løper”, som ein lyttar sendte inn:

Har du stemt på Live som årets tv-navn, forresten?

Eit anna kriterie var at ho må vera god på å lage mat:

Enno meir matlaging med sexy bevegelsar:

Her lærer Live yoga av Ravi:

Då Henning Solberg var på besøk utfordra Live han til SignStar-duell. Sjå her:

Plutseleg ein dag var der eit piano i studio. Live prøvde å briljera:

Meir sang! Her prøvar Live å imitere Shakira!

Enno meir song! Denne gongen frå redaksjonslokalet, og frå Romeo & Juliet:

Og dette må jo opplevast igjen og igjen. Susanne Sundfør overraskar Live med favorittlåta hennar på siste sending før permisjon:

Har du forresten sett topplausbiletet av Live?

Tags: , , , , ,

Del "Vi mimrar – på video!"