Artikler med emneordet ‘sommerintervju’

Eva og Thomas var så hyggelig at dei stod opp tidlig på tysdag, berre for å besøkje oss i studio

Tysdag var P3morgen så heldig at godaste Eva og hennar heartmaker Thomas tok seg ein tur innom studio. Vanlegvis plar dei ikkje stå så tidlig opp, så dei tok ein stjernelook med hatt og solbriller.
 

Men det var ikkje nok for oss at me hadde dratt stjerneparet ut av senga på eit, for nokon og for dei, gudsjammerleg tidlig tidspunkt denne morgonen. Sjølvsagt ville me jo at dei skulle spela for oss også!

Me hadde då, ganske så beleilig, lagt ein gitar stemt og klar ved sidan av mikrofonen. Berre sånn i tilfelle dei skulle få lyst til å ta ein trall. Og trur du sannleg ikkje dei gjorde det også? Den nydelige låta Life still goes on, frå det forrige albumet til Eva and the heartmaker.

Dersom du ikkje fekk den med deg så kan du høyra den igjen her, eller om du allereie har høyrt den så kan du sjølvsagt få lov til å høyre den på nytt. Det burde du!

Eva and the Heartmaker – Life still goes on

Les mer

Alejandro Fuentes vart med vår eigen Yngve ut i båt i dagens P3morgen. Og på spørsmål om tidlegare sommarflørtar dukka det mykje omtalte båtkræsjet opp.

Kræsja Alejandro båten fordi han var midt i noko dryg klining? Høyr sommarpraten her:

Kast loss med Alejandro Fuentes

Ferdig med båtkræsjet

Det var i 2007 at Alejandro kræsja cabincruiseren sin inn i fleire småbåtar i Kristiansand. Sjølv har han for lengst lagt den fire år gamle snakkisen bak seg.
– Det er så gammalt, sa han i dagens P3morgen.
– Korleis følast det at folk framleis nevner det, fire år etter?
– Det går heilt greitt. Eg er ferdig med det, men det går heilt greitt.

Alejandro jobbar for tida med nytt soloalbum etter fire års pause.
– Det er både rart og veldig deilig å vere tilbake, seier Alejandro som kunne røpe at han kanskje ikkje er godt nok førebudd.
– Bunken med sangtekstar er nok ikkje så stor som den skulle ha vore. Det har blitt mykje Angry Birds og Playstation.

Høyr Alejandro prate om nytt album og forholdet til å vere på turnè med gitarkameratane sine:
Alejandro om musikk

Vil du høyre heile intervjuet med Alejandro Fuentes kan du sjekke ut P3morgen sin podkast. Den finn du både i iTunes og som .mp3-filer her!

Les mer