Artikler med emneordet ‘aksel hennie’

Ronny er ikke den eneste som ikke umiddelbart digger den sunne smoothien til Tone Damli.
 
Mandag morgen hadde artisten sin første dag på jobb som gjesteprogramleder, og det første intervjuobjekt i P3s morgenprogram var hennes egen forlovede.

Se video:

– Jeg tar henne ikke seriøst som programleder, sa Aksel Hennie, rett før intervjuet.

Tone ville gjerne høre mer om morgenrutinene til Aksel, og han fortalte at det eneste problemet om morningene er grønn guffe servert i glass.

– Nå har jeg fått det bevist, kjæresten min lager den verste frokosten som finnes, sa Aksel, som refererte til grønnsakssmoothien Tone tidligere hadde servert til resten av P3morgen.

Les mer

Det er faktisk heilt sjukt, kor dårlege Live Nelvik sine teikneferdigheiter er.

Men ho er heldigvis klar over det sjølv.

Det heile starta med at Jenny Skavlan og Hasse Hope var på besøk. Dei er aktuelle med programmet tweet4tweet, som har première i kveld. (NRK3, 21:40!!)

Jenny Skavlan har jo hatt gåande ein nakenstrid (som visstnok ikkje er ein strid i det heile) med Marianne Aulie siste veka.
Og der har Aksel Hennie kasta seg på, med ein haug frekke teikningar. Jenny og Hasse tykkjer Aksel Hennie er flink til å teikne.
Og så publiserte plutseleg Aksel Hennie denne teikninga på Twitter.

Teikning av Aksel Hennie

Teikning av Aksel Hennie

Og så vart vi imponert.
Og då sa Live at ho er skikkeleg elendig til å teikne. Det måtte testast. Resultatet vart altså slik:

Les mer

Aksel Hennie

For ein fredagsmorgon!
Live har bursdag i dag. Vi feira i tre og ein halv time til endes saman med gjesteprogramleiar Aksel Hennie.

Han var i toppform, og prata om reklamefilmar han lagar, den nye filmen Hodejegerne, som han håpar å få ta ein fyrste titt på snart. Han prata òg om det nye slottet sitt, dottera som er nesten like flink til å spele musikk som dama og så hadde han med seg litt av ei bursdagsgåve. Både eksklusive bollar, eksklusiv eplejuice og ei bakebok med tittelen “Sjekk de brøa”. Fett? Ja!

Som om ikkje det var nok, kom Thom Hell på overraskelsesbesøk, og spelte live for bursdagsbarnet. Han hadde òg tid til å bli med vidare til dagens podkast av sendinga. Den bør du laste ned, altså! Der får du 1,5 time kjempestemning med Hennie, Hell, Hustad Reite, Nelvik og Aase. Og ei løve som brått kom innom studio.
Podkasten kan lastast ned via iTunes og via vår RSS-feed. Og så kan du berre klikke play under her, kjære venn:
P3morgen 10.12.10

BONUS:

Live fekk sjølvsagt gåve frå oss andre òg. Ho elskar Ole Brum, men eg og Yngve fekk ikkje tak i ekte Ole Brum-kopp, så vi laga ein til ho:

Kopp til Live
Yngve teikna sjølvaste bjørnen.

Kopp til Live
Ronny stod for baksida. Ikkje så pen.

Pepperkake frå Silje
Denne søte designpepperkaka laga vår reporter Silje til Live. Du verda, så flink ho er!

Les mer