I dag var Bjørn Eidsvåg gjest i P3morgen. Han anbefalte gravensteinepler, sigarkuttaren sin og ein britisk krimserie. Og så prata vi om Robyn, Twitter, Thomas Dybdahl (Bjørn er VELDIG god på å imitere Dybdahl) og mykje anna snacks.

Og så spelte vi inn eksklusivt bonusspor, som du kan høyre i podkasten vår. Den finn du på p3.no/podkast, i iTunes eller som RSS-feed. Og her:
P3morgen 22.09.10

Jarle Trå på besøk

Av , 21. september 2010. Postet i Ukategorisert
X

Jarle Trå

Jarle Trå er eit namn du kunne høyre mykje i nyhendene i fjor, då han forsvann farleg nære toppen av Mount Everest. I dag fortalde han om den greitt farlege turen i P3morgen.
Les mer

Celeber studioopning

Av , 20. september 2010. Postet i gjester, p3morgen

Vi har fått oss nytt studio. Det er awesome. Og som med alle awesome ting. Bra folk må opne det offisielt. Her serverar vi ein liten video av at sjølvaste kringkastingssjefen, Hans Tore Bjerkaas, opnar studioet vårt OG blir med på podkasten vår sitt bonusspor.

Dersom du vil høyre heile podkastbonussporet med Bjerkaas, kan du sjekke ut podkasten vår på p3.no/podkast, iTunes eller som RSS-feed.

X

Her kan dere se hvordan stemningen er i studio mens vi spiller musikk mellom slagene. Live og Yngve diskuterer vekt. Og så får Live hikke. Og så prøver gjesteprogramleder Sigrid Bonde Tusvik å narre Live til å slutte å hikke. Hvordan vil det gåååå?

Vi har hatt Grutle og Ivar frå Enslaved på besøk i P3morgen i dag. Keen på det nye albumet, og ei eksklusiv teikning?
Les mer

Vesle-Tusvik anbefalar

Av , 17. september 2010. Postet i gjester, p3morgen
X

I dag var Vesle-Sigrid gjesteprogramleiar. Sigrid Bonde Tusvik, altså.
Ho nytta høvet til å anbefale tre ting til det norske folk. Vi snakkar mat, teknologi og prevensjon. Sjå video!

Keen på meir Bonde Tusvik?
Sjekk ut podkasten av dagens sending på iTunes, p3.no/podkast eller her:
P3morgen 17.09.10

Asbjørn Slettemark fortel om element i filmar han ikkje taklar og ein ekstremt kontroversiell plateanmeldelse han skreiv ein gong.

I dag er det premiere på den nye Lydverket-sesongenNRK2, og programleiar Asbjørn Slettemark starta dagen i P3morgen.

Vi prata om dei særs uvanlege frukostvanene til Asbjørn, om musikk han elskar og hatar, Axl Rose, amerikansk fotball og ein hemmeleg tacoklubb i New York.
Som om ikkje det var nok serverar vi ein halvtime bonusspor i dagens P3morgen-podkast, der vi mellom anna rasar gjennom haugen av spørsmål sendt inn til Asbjørn på sms.

Podkasten finn du på iTunes, og som mp3-fil i vår RSS-feed.

Live er Shakira

Av , 15. september 2010. Postet i p3morgen

Live kunne sikkert gjort karriere (ei veldig lita karriere, vel å merke) på å imitere den columbianske heltinna Shakira.

Les mer

Nok ein spagatonsdag

Av , 15. september 2010. Postet i kroppen, p3morgen
X

Nok ein onsdag har Yngve gjort eit forsøk på å gå ned i spagaten. Framgang frå sist? Sjå video:
Les mer