Podkasten er tilbake

Av , 6. oktober 2010. Postet i p3morgen
X

Yngve er glad

Her har vore krisestemning siste dagane. Podkasttenesta til NRK har vore nede. Kaos!
No er den tilbake på nett då, og P3morgen kan freiste med rykande ferske podkasts frå dei 3 siste dagane.
Les mer

De ellers så samarbeidende Anders Bye og Jon Niklas Rønning ble av p3morgen utfordret til en liten konkurranse. De presenterte for hverandre såkalte “fleip eller fakta“-setninger, og gjettet i vei. Og så kommenterte de og tøyset i ett sett. Ikke lett å holde tellinga. Men en vinner blei det. Bare se:

I dag var Odd Nordstoga på vitjing i P3morgen.
Det var skikkeleg triveleg. Han song og spelte, og så tok han med sine tre favoritting. Alt det kan du sjå på video her:


Les mer

Vi hadde besøk av snekker Otto Robsahm fra Sinnasnekkern på TV. Og tror du neimen ikke han hadde med seg ting han ville anbefale alle lyttere. Og tror du også neimen ikke at alt dette her var snekkerrelatert. Drill, akrylpistol og multiverktøy. Bare se.

Torsdag den 30. september hadde vi besøk av Linn Skåber, skuespiller og komiker. Vi ba henne ta med seg tre ting som hun vil anbefale for samtlige som hører på oss. Her skal man både få spå, lukte og bli kjent med en helt spesiell fyr. En klar oppfordring fra Linn vil nok være at alle skaffer seg disse tre tingene.

Sjå! Vi rir på hest!

Av , 29. september 2010. Postet i p3morgen

Yngve fekk ein ridetime i bursdagsgåve av Live og meg. Og så fann nokon ut at her må det filmast. Og så fann nokon ut at her må Ronny og Live òg opp på hesteryggen.

Thea og Yngve
Yngve poserar med vår greitt gravide reporter Thea. Ho er faktisk god på riding.

Live i ridekostyme
Sjølvaste Live Nelvik kunne observerast på veg heim frå ridetimen i dette kostymet, medan ho åt pasta.

Atle og Øystein anbefalar

Av , 29. september 2010. Postet i gjester, p3morgen
X

I dag var Atle Antonsen og Øystein Karlsen på besøk i P3morgen. I morgon har dei premiere på den nye serien Dag, på TV2. Dei tok med tre ting dei på ein generell basis vil anbefale alle. Her kan du sjå video av det:

Vi fekk inn frykteleg mykje sms frå folk som lurte på kvar ein kunne få tak i vekkerklokka til Øystein under dagens sending.
Du må til England, og til nettbutikken firebox.com. (Vi tykkjer imidlertid at du bør vurdere ei klokke med RADIO i staden.) Atle kunne melde at den fancy elektronikkfiksesprayen hans er å få tak i på ei av dei større norske duppedingskjedene.

Her kan du sjå ein trailer for Atle og Øystein sin nye serie. Atle spelar samlivsterapeuten Dag, som eigentleg trur på det å leve åleine. Øystein har skrive manuset saman med Kristopher Schau. (Dei to har tidlegare laga “De syv dødssyndene” og P3-programmet “Et Norge i Krig” saman).

http://www.youtube.com/watch?v=eiXlLGcq7Ec

Om du no tenkjer at du er keen på meir av intervjuet med Atle og Øysten, så kan du sjekke ut podkasten av dagens sending. Den finn du i iTunes, på p3.no/podkast og som RSS-feed. Og så kan du trykke play her for å høyre:
P3morgen 29.09.10

Skarbø si “roteskuff”

Av , 28. september 2010. Postet i gjester, p3morgen
X

Synnøve Skarbø var hos oss i dag. Ho er programleiar for Wipeout på TVNorge, og prata om det å lage fjernsynsprogram i Buenos Aires, om pool-parties og om at ho ikkje er keen på å gifte seg.
Og så hadde ho med roteskuffa si. Synnøve er visst sjukt oppteken av ryddigheit, så roteskuffa er den einaste plassen i leiligheita der ho tillet litt rot. Men så er den ganske ryddig den òg, gitt. Sjå berre her:

Ordensmenneske i aller høgste grad.

BONUS:
Yngve ser ut som ein lærarvikar i dag.

I dagens sending var Tone Damli Aaberge gjesteprogramleiar. AWESOME!
Yngve var innom, og lot Tone få vere med i den kjekke spalta “Kroppskoppen”, kor Yngve trekk opp tilfeldige spørsmål om kroppen frå ein kopp.
Då kunne Tone fortelje at ho klarar å brette opp augelokka sine. Kva? Really? Jaja, sjå video!

Om du syns Tone på radio er like gøy som vi tykte det var, kan du høyre dagens podkast! Der slarvar vi om det nye slottet Tone har kjøpt saman med typen sin. Og så pratar vi om dialekta hennar, om fluortablettar, om Twin Peaks og edamame. Og så er jo Tone med på bonussporet!

Podkasten finn du i iTunes, på p3.no/podkast, som RSS-feed og her:
P3morgen 24.09.10

Tone Damli Aaberge

X

Else Kåss Furuseth var her i dag. Ho anbefalte pesto, non-erotic cock massage og veldedigheitsarbeid. Og så prata ho om idèar ho har hatt i Torsdag Kveld, som har blitt forkasta. Sjå videoen!