Mobileksperten A-Lee
Publisert 12:25 22 august, 2011
Visste du at A-Lee, i tillegg til å mekke superhits, òg jobbar i mobilbutikk?
A-Lee har vanleg jobb ved sidan av den blomstrande hitmakarkarriera si. Han anbefalar og sel mobiltelefonar til folk. Dette ville vi dra nytte av i dagens P3morgen, og inviterte lyttarane med på spalta “A-Lee svarar på dine spørsmål om mobiltelefoni”.
Høyr, høyr:
A-Lee om mobil
A-Lee kunne fortelje at han titt og ofte blir gjenkjend medan han er på jobb på mobilbutikken.
– Folk spør fyrst om korleis den nye Nokiaen er. Så fortel eg litt om den, og så plutseleg seier dei; “forresten, eg diggar musikken din.”
A-Lee til skulen din?
I desse dagar kan du melde på skulen din, i konkurransen om å vinne P3 SkoleSessions. Då tek vi med oss Erik & Kriss, LidoLido og A-Lee til skulen din og lagar fest.
Meld på din skule her!
Hitmaskina A-Lee har mellom anna solgt til gull med låta “The One”, har herja norsk radio med “World So Cold” og er i desse dagar aktuell med P3-hiten “Hear the Crowd”. Vil du høyre resten av intervjuet med han, kan du laste ned P3morgen sin podkast. Enten via iTunes, eller som mp3-filer her!
Tags: a-lee, gjest, gjester, hear the crowd, lyd, mobil, mobiltelefoni, musikk, the one, world so cold