Sondre Lerche live + då han møtte Bono

1
Skrevet av:
Publisert 11:31 15 august, 2011

I dag var alltid like fabelaktige Sondre Lerche innom. Han spelte ein rykande fersk singel live, og sitt merkelege møte med Bono og The Edge frå U2. Høyr alt her!

Sondre framførte sin ferske singel, “Go Right Ahead”, i dagens P3morgen. Det var skikkeleg nydeleg, og vi har fått lov til å dele framføringa med deg her på bloggen:

Sondre Lerche live i P3morgen

Sondre fortalde òg om då han heldt på å bli sjølvaste Spiderman på Broadway i New York. Bono og The Edge frå U2 hadde skrive mykje av musikalen, og Sondre var på audition hos dei. Høyr han fortelje den morsomme historia om då Bono skreik energiske instruksar til han her:
Lerche om Spiderman

Her kan du sjå Lydverketsendinga der Sondre Lerche var gjesteprogramleiar:

Vi prata med Sondre Lerche om andre ting òg. Morgonane i Brooklyn, fans og Kanye West for eksempel. Alt saman kan du høyre i P3morgen sin podkast. Den finn du både i iTunes og som mp3-filer her!

Tags: , , , , ,

Del "Sondre Lerche live + då han møtte Bono"