Seminarveke

4
Skrevet av:
Publisert 14:04 5 august, 2011

Hei.
Etter ein aldri så liten sommarferie, er vi klare for ei ny runde morgonradio på mandag.
Denne veka har vi hatt sånn seminarveke. Oppstartsveke, om du vil.

Vi har tenkt store tankar. Her ser du Yngve, påtroppande vaktsjef Beate og produsent Kristoffer, midt i ein viktig diskusjon.

Vi har vore på ei hytte, med eigen utedo, i Oslofjorden. Der har vi funne ut kva vi vil gjere på radioen i haust.


Her ser du hytta. Raud og fin.

Av og til treng Live litt tid for seg sjølv. Her sit ho åleine på brygga. Trekk dei store linjene og utformar handlingsplanar inni hodet sitt.

Her ser du meg. Eg har nett gjennomført ein vassorientert idèdrodlesession.

Yngve og Live stupar saman, som eitt ledd i teambuildingrunda vi har hatt for å skape eit tettare samarbeid. “Kan ein ikkje stupe saman, kan ein ei laga radio saman”, sa nokon ein gong.

Produsent Kristoffer viser sine kunnskapar innanfor grilling. Yngve ser på og bidreg med tørre vitsar.

Deretter åt vi middag saman og prata om laust og fast. Og så hadde vi avstemming om kor vidt Silje skal få lov til å vere utegåande reporter òg i haust. Ho får lov. Berre Live stemte imot.

Sjefen insisterte òg på å ta nye profesjonelle pressefotografi av oss. “Leige inn fotograf? Kva meiner de? Eg tok alle pressefotografia til Are og Odin i si tid. Dei vann eg nesten fotoprisar med. Stol på meg!”

Vi snakkast på mandag, folkens! Vi er i radioen frå 6:30, og vi gler oss ekstremt mykje!

Tags: , , , , , , , , , , ,

Del "Seminarveke"