Snokeskulen: Etter snokinga må du……
Publisert 14:20 20 juli, 2011
Det er mange som snokar, eller stalker, rundt på Facebook på jakt etter informasjon om den nyaste crush’en, ein kompis, gammal kjærast, borna sine eller random hotties. Dette er ikkje eit problem; sjølve problemet oppstår ETTER du har funnet ut det du vil.
Korleis oppfører man seg dersom man treffer den man skal snoke på? Kva seier ein? Kor masse informasjon er det naturleg at ein skal ha? How to behave!
Første leksjon: Skil mellom søk og oppdatering
For å kunne snoke må du skrive inn eit namn i søkjelinja. Ver her obs på at du nyttar søkjelinja og ikkje statusoppdateringa (dette er kanskje mest eit punkt som er viktig å hugse på i dei seine nattetimane). Det å vakne opp til ”Kari Olsen (kva har du på hjertet?) Ola Hansen” og ti notifikasjonar som anten likar eller har kommentert, er vell ikkje den beste starten på dagen.
Andre leksjon: Ikkje kommenter gamle album( særleg ikkje ekskjærasten sitt)
Dersom ein får ein notifikasjon om at nokon har kommentert eit bilete i ”Sommaren 2008”, så kan ein vera ganske sikker på at dei har vert igjennom alle dei andre bileta også. Dette gjeld også profilbilete, kanskje spesielt dei. Ei fallgruve ein bør prøve å hoppe lett over er gamle flammer eller ekskjærasten sine bilete. Ein vil jo eigentleg ikkje sjå desse, eller kommentere. Så sjølv om det er eit sjukt morosamt bilete eller personen såg skikkelig bra ut; så la kommentaren bli igjen på tastaturet. Verkelig.
Tredje leksjon: Ikkje ver kjapp på avtrekkjaren
Det er litt kjedelig å plutselig ”like” eit innlegg til ukjend har skrivi på veggen til snokeofferet, er litt øydeleggjande til tanke gongen om at ein skal snike seg utsett inn og ut av sida. Utan å bli lagt merke til. Det å bli busted på ein liten slurvefeil er jo godt over middels kjedelig, og kan føre til forklaringsproblem. Det er ikkje slik at innlegget var så morosamt at det måtte få ein ”like”.
Fjerde leksjon: Slett dine spor
Så dumt, men framleis så lett å gjera. Etter ein har vert inne på ei side og snoka ferdig; logg ut eller kryss ned sida du har vert innpå. Plutselig kan ein gå i frå maskina eller berre har profilsida til stalkerobjektet oppe. Nokon kan oppdage det eller du kan bli facerape’a. Det hadde vert kjedelig. Men dersom du skal gå skikkelig grundig tilverks, så kan det vera ein ide å slette loggen på internett. For her kan ein gå tilbake i tid og sjå kva sider ein har vert inne på, og på Facebook loggen kjem det opp namnet på dei ein har vert innpå. Bere for spesielt interesserte.
Femte leksjon: Ikkje forsnakk deg.
Du har mest sannsynleg informasjon om personen du har snoka på, som du i ein normalsetting ikkje skulle hatt kjennskap til. Taggs som seier at snokeobjektet var på Blå på laurdag saman med to venner, og statusoppdateringa dagen der fortel kor fuktig eller tørr kvelden blei. Kanskje er det nokre album som viser snokeobjektet på ferie i Australia med ”Tha family” i 2007? Når du då treffer snokeobjektet du har snoka på må du passe på at du ikkje byrjar å snakke om denne familieturen i 2007. Det å forsnakke seg på informasjon er ein farlig, og dessverre vanleg feil. Den kan også vera vrien å åle seg ut av.
Har du fleire snoke- eller ettersnoke tips, så skriv det i kommentarfeltet….