P3morgen plankar – på lågt nivå

5
Skrevet av:
Publisert 14:08 16 mai, 2011

I dag melder NRK at planking er hot for tida. Det handlar rett og slett om å avfotografere seg sjølv, stiv som ein planke, rundt omkring. Vi vil òg vere med på plankebølga!

Planking er diverre i nyhendene dels fordi folk bedriv høgrisikoplanking, og skadar seg. P3morgen ønskjer å vise at planking er like awesome på lågt nivå. I fotografiet over plankar reporter Silje i studio under sendinga til Popsalongen. Passe crazy, eigentleg!

Her plankar Silje på pulten til Hallo P3! Drygt! Dei berre: Shit, vi prøvar å jobbe her! Kva driv du med?

Her plankar Silje medan Trekant-gjengen fotograferar kvarandre med si nyvunne Gullrute.

Silje plankar på toalettet. Heilt ufarleg men veldig gøy!

Martin og Tore frå Martin Beyer-Olsen Live latar som dei ikkje legg merke til at der plankast på pulten.

Wow! Kva er det Silje driv med? Dette ser då riktig så farleg ut, heilt på kanten av taket.

Slapp av!

Vi har sjølvsagt god klaring. Ein skal jo ikkje utsetja seg for fare berre for å ta eit tøysete fotografi.

Her, for eksempel: Yngve berre koseplankar i sofaen.

Del gjerne bilete av deg sjølv der du plankar på lågt nivå med oss i kommentarfeltet under her.

Tags: , , , , , , , , , , ,

Del "P3morgen plankar – på lågt nivå"