Ronny tok fram spybøtta
Publisert 13:50 18 mars, 2011
Frustrasjonen var stor då Ronny måtte smake på makrell i tomat under dagens P3morgensending som også blei streama live på p3.no for aller første gang.
Gjesteprogramleiar Carsten Skjelbreid visste ikkje at Ronny for lengst hadde lagt ned veto mot å smake på fiskepålegget, difor blei Ronny pent nødd til å legge vetostemma til side og smake på utysket.
Mellom brekning og gulping sa den ellers så positive P3morgenprogramleiaren:
– Denne smaksspalten går bra så lenge ingen drar fram makrell i tomat, då klikkar det for meg.
Dette har Ronny smakt på tidlegare i spalten “Ronny smakar på vanlege ting”.
For å sikre arbeidsplassen under smaksprøven løfta Ronny ei bøtte opp på bordet i tillfelle det gjekk skikkeleg ille. Yngve helte opp eit glas med eplejus slik at Ronny kunne døyve den verste smaken.
Det jævligaste i heile verda
Ronny klarte å smakte ein bitte liten bit av pålegget som hundre-tusenvis av barn og voksne over heile landet gjerne smører på skiva si kvar dag. Men ikkje Ronny, han gav ikkje uventa tommelen ned for makrell i tomat.
– Det er det jævligaste i helie verda, konstanterte Ronny då det heile var over.
Det er første gang P3morgen sender direkte i nett-tv. Her ser du høgdepunkta
Dagens gjesteprogramleiar, Carsten Skjelbreid, kjent som sportstanker i TV2 samt vinnar av “Skal vi danse”, blei også med Yngve på fest.
I ekte nachspiel-stil klemte dei til med gitar og allsang av Bruce Springsteen klassikaren “The River”.
Du kan også laste ned podkast (lyd) av dagens sending inkludert bonusspor på nrk.no/podkast
Tags: carsten skjelbreid, FilmatisertFredag, gjest, gjesteprogramleder, Skal vi danse?