Detta likt’n!

1
Skrevet av:
Publisert 13:57 21 februar, 2011
Bamsar likar honning, det gjorde Ronny også.

Bamsar likar honning, det gjorde Ronny også.

Ronny pusta letta ut då Yngve avslørte honning som dagens smakstest i “Ronny smakar på vanlege ting”.  Honning har han nemleg smakt før! 

Han kasta seg ivrig over den velse boksen med honning, men smakte berre ei lita plastskei av det gule, seige bie-produktet. 

-Sleik på den, ropte Yngve!

Personleg skjønar ikkje Ronny heilt kva andre bruksområder honning har enn som søtningsmiddel i te. Både Live og Yngve foreslo å smøre honning på brødskiva, men det kjem ikkje Ronny til å gjere. 

Han gir motvillig honning tommelen opp.

Du kan høyre heile smakstesten her: 

smak2

Du kan også laste ned podkast av heile sendinga i dag her: podkast

Agurk har ein rar smak! 

 
 
 
 

Agurk

Agurk

 

Både Live og Yngve meiner Ronny er ganske sær i matvegen. Og i vekene framover kjem dei til å utfordre smakslaukane til Ronny, og gi han små smaksprøvar av mat dei har lagt merke til at han styrer unna.

Det er viktig å understreke at han i spalten “Ronny smakar på vanlege ting” ikkje blir utsett for ting som kråkebolle, tang eller testiklar. Nei, her er det snakk om meir kvardagsleg tilbehøyr som tomat og salat og sånn.

I dag har Ronny testa agurk! Og du kan sjå kva han syns her:

Ei agurkskive innehled omlag 96 % vatn. Men den lange grøne saken fall ikkje noko særleg i smak hos Ronny.

– Eg syns agurk er tåpeleg. Det funkar heller ikkje ilag med anna mat, seier Ronny etter å ha smakt.

Etter ei rask evaluering av agurken er det nok den grøne kanten rundt skiva som Ronny likar best, det mjuke i midten var ikkje noko særleg å skryte av:

– Det har også ein rar ettersmak og eg føler det luktar rart av meg no, konkluderer han.

Du kan høyre heile testen her:
Smak

Tags: , , , ,

Del "Detta likt’n!"