– Moby var ein liten, kåt amerikaner
Publisert 12:15 8 oktober, 2010
I dag var MGP-general Per Sundnes gjesteprogramleiar i P3morgen. Fyren har jo vore overalt, og opplevd så mykje spennande. Han fortalde mellom anna om då han møtte artisten Moby, etter at Moby nett hadde gjort gigantsuksess med albumet “Play”.
Prøvde å få pult
– Han var ein kåt, liten amerikaner, som ville ha ei norsk jente på kvar finger. Eg var jo så dum, veit du. Emma, vennina mi skulle berre komme til settet for intervjuet, så vi kunne gå rett til lønsj etterpå. Ho ga han jo til og med epostadressa si. Eg fekk lese mails i ettetid, og tenkte sånn: Åja, så det e sånn artista prøva å få pult.
Høyr Per om møtet med både Moby og Rihanna her:
Per Sundnes om Rihanna og Moby
Rihanna oppførte seg som 11-åring
Sundnes møtte òg ei ekstremt ung Rihanna, rett etter gjennombrotet med “Pon de Replay”-låta.
– Ho var 17, men ho oppførte seg som om ho var 11. Eg sendte jo mail til plateselskapet i ettertid og sa at ho der, ho må coachast. Eg har møtt ho igjen seinare, og no er ho på nett.
Per sine sjekketips
Per Sundnes hadde òg med seg tre ting han ville anbefale det norske folk. Alle på eit vis relatert til sjekking. Perleslips, katolsk parfyme og guttete te. Sjekk alt saman i videoen på toppen her.
Tenkjer du at det hadde vore fett med meir Sundnes?
Sjekk ut podkasten vår frå dagens sending. Den finn du på iTunes, p3.no/podkast og som RSS-feed.
Tags: gjest, gjesteprogramleder, goodtimes, kanel, lakris, lyd, moby, parfyme, per sundnes, perleslips, rihanna, sladder, te, video