Og no må han bygge sjørøvarskip…
Skrevet av: Ronny Brede Aase
Publisert 13:23 5 november, 2009
Publisert 13:23 5 november, 2009
Robert Clarkson bur på New Zealand. Og så likar han sjørøvarar, og dermed òg sjørøvarskip. For to år sidan fekk han lyst til å byggje om huset sitt til eit sjørøvarskip, men dama var ikkje like keen. Så då oppretta han Facebookgruppa “If 1m people join, girlfriend will let me turn our house into a pirate ship”. I helga bikka gruppa ein million medlemmar.
Og no spørst det då, om Robert kjem til å byggje om huset til sjørøvarskip. I dagens P3Morgen måtte eg jo rett og slett berre ringje, heile vegen til New Zealand, for å finne ut om han var igang med byggjearbeidet. Høyr, høyr!