Arkiv for kategorien ‘p3morgen’

Steven Van Zandt er i Norge for å spille inn den norske serien "Lillyhammer". Vår reporter Silje fikk et eksklusivt møte med stjernen.


Silje har vært i Lillehammer og snakket med “Sopranos”-stjernen Steven Van Zandt. Lytterne hadde på forhånd bestemt hva hun skulle gjøre og spørre om. Det ble kleint.

Les mer

Kari Jaquesson (Foto: NRK)

I dag var fitnessorakel Kari Jaquesson på besøk i P3morgen, og ho delte villig av sine tips for å komme i betre form.

Kari søkjer for tida ekstremt overvektige folk til ein ny serie på TVNorge. I P3morgen delte ho den perfekte framgangsmåten for å gå ned i vekt, om ein er keen på det.
– Sett deg eitt mål i månaden. Ofte når folk skal gjere livsstilsendringar, tenkjer dei at no skal ein gjere alt med ein gong. Det funkar alltid dårleg. Gjer ein ting om gangen, sa Jaquesson.

Høyr Kari om gåturar, grønnsakfråtsing og å bestige fjell via trapper her:
Kari om trening

– Ikkje spar på dressingen!

“hei kari! jeg er en gutt på 20 år som er undervektig. Hvordan kan jeg legge på meg uten å være ekstremt usunn?”

Det rann inn med spørsmål frå lyttarane under dagens sending. Eitt av spørsmåla som gjekk igjen handla om det å vere undervektig.

Kari anbefalte mellom anna å snike inn ekstra olivenolje i måltida, og å vera raus på dressingen.
Høyr Kari sine tips her:
Kari sine tips til undervektige

– Kor ofte må ein trene?

Kari fekk òg spørsmål frå lyttarane om kor ofte ein eigentleg må trene, og kvifor fettet forsvinn frå alle andre plassar enn magen når ein faktisk trenar. Og kva med trening som gravid? Høyr Kari tipse i veg her:

Kari svarar

Har du lyst til å høyre heile intervjuet med Kari, kan du laste ned P3morgen som podkast. Enten via iTunes eller som mp3-filer her.

Les mer

Vinnarane av Paradise Hotel, Niklas Vindel og Madelen Voreland Berås, var på besøk hos oss i dag. Madelen kunne fortelje at ho vart overraska og skuffa over all baksnakkinga i dei siste episodane.

For Madelen var det ikkje så fett å sjå andre baksnakke ho på tv.
– Eg trudde det berre skulle vere moro på slutten, men så vart det så mykje negativ snakking. Då vart eg skuffa. Der var vel kanskje mykje sjalusi mellom jentene.

Høyr Madelen og Niklas prate om sigeren og baksnakkinga her:
Madelen og Niklas om å vinne

Fekk kjærleiksbrev

Madelen har, utanom baksnakkinga på hotellet, fått mykje hyggjeleg feedback.
– Eg har til og med fått kjærleiksbrev i posten. Folk skriv så utruleg mykje fint.
Niklas har òg stort sett berre fått positive tilbakemeldingar frå folk.
– Det einaste unntaket er at der av og til har vore fulle folk på byen som har slengt litt drit.

Les òg: Språkguru Sylfest Lomheim evaluerte språket i fjorårets Paradise Hotel

Kor gode vennar er dei?

Niklas og Madelen har vunne som par på Paradise Hotel. Men kor godt kjenner dei eigentleg kvarandre etter å ha vore ilag kvar dag i fleire månader? Vi lot dei prøve seg på ei runde fleip eller fakta. Høyr korleis det gjekk her:
Niklas og Madelen om kvarandre

Les mer

Sarah Natasha Melbye og Øyvind Fjeldheim var på besøk i P3morgen i dag. Sarah kunne melde at det perfekte sommarmåltidet består av grilla pølser og Sambuca. Øyvind heldt ein knapp på rå ørret rett frå fangstkorga på hytta. Høyr Sarah og Øyvind i Yngve sitt sommarintervju her:
Sommerintervju Melbye og Fjeldheim

Sporadiske vinlotteri og anislikør

Øyvind og Sarah skal ha program saman på fjernsyn for fyrste gong, men kjenner kvarandre godt frå før, då dei begge er ein del av same TV 2-vennegjeng.
– Programavdelinga i TV 2 har eitt tett og godt miljø, seier Øyvind.
– Vi har vinlotteri, men det er sporadisk, skyt Sarah inn.
Høyr heile praten om arbeidsmiljøet i TV 2 og forholdet mellom Øyvind og Sarah her:
Melbye og Fjeldheim om TV2

Les mer
Ailo Gaup i P3morgen. Foto: Ronny Brede Aase (NRK).

Ailo Gaup i P3morgen. Foto: Ronny Brede Aase (NRK).

– Ein rekk å tenke ganske mykje, seier Ailo Gaup på spørsmål frå ein lyttar om kva han tenker på når han svevar høgt over bakken med motorsykkelen sin.

Les mer

Dagens outfit

Av , 1. juni 2011. Postet i p3morgen
X

Alle bloggarar pleier å vise fram dagens outfit. Det ville vi òg, på denne fyrste, ekte sommardagen. På biletet over viser vi kva vi har kledd oss i. Og så oppfordrar vi deg som lyttar til å sende inn eit dagens outfit-bilete av deg sjølv. p3morgen@nrk.no eller P3 til 1987.

Koz+KLEMZ!

Les mer
Kaizers Orchestra er klare med ny låt. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Kaizers Orchestra er klare med ny låt. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

 

Janove og Geir frå Kaizers Orchestra kom innom for verdspremiere på den splitter nye låta Tusen dråper regn i dag. Det er den aller første låta frå album nummer 2 i trilogien Violeta, Violeta. Som vi ser på bildet er gutta pent kledde i dag, med dress (Janove hadde også på seg hatt) – og på spørsmål frå oss om dei nokon sinne er villige til å strippe for å selje fleire album svarte Janove: Nei, den six packen vil eg ha for meg sjølv!

Men det betyr ikkje at ikkje nokon har prøvd å kle av gutta. Høyr historia om då Janove nekta å kle av seg då ein lur fotograt ville ta bilder av han i bar overkropp:
Kaizers om a kle av seg.

Vil du høyre heile intervjuet med Kaizerskarane? Last ned dagens program som podkast. Du finn oss både i iTunes, og som mp3-filer her!

I morgon kjem Kaizers Orchestra til Popsalongen, då får du høyre den nye fine låta ein gang til tippar vi.

Les mer
Silje i blått, indigo, oransj, rødt, gult, rosa og grønt. Og hvitt.

Silje i blått, indigo, oransj, rødt, gult, rosa og grønt. Og hvitt.

… farger! Silje har kledd seg opp i alskens farger, ja, alle regnbuens, for å leve opp til fargetrenden som er hyperaktuell. – Kle deg i farger, så mange som overhodet mulig, sier ekspertene. – Visst pokker, repliserer Silje.

Hør folk sine reaksjoner på motekaoset her:
Silje og fargemota

Les mer
Maria Amelie i P3morgen. Foto: Ronny Brede Aase.

Maria Amelie i P3morgen. Foto: Ronny Brede Aase.

Maria Amelie er på besøk i P3morgen og fortel om korleis ho kom inn på studier ved NTNU i Trondheim utan papir, pass og pengar. Maria er tøff, og på spørsmål frå programleiar Kristine om ho er ein uredd person som også kunne tenke seg å hoppe i fallskjerm svarar Maria at ja, det har ho lyst til. 

Les mer

Quizmaster Yngve har nok ein gong arrangert internquiz i P3morgen. I dag handla det om lemen, etter gårsdagens ville VG-framside med eitt lemen som bit på ein vofs (eller hund, då).

Og straffa for å tape dagens quiz var å vere lemen i gjenskapinga av fotografiet til VG.

I videoen over ser du gjenskapinga.
Pinleg og rart for begge partar.

Les mer