Går for pølser og sprit
Publisert 7:56 3 juni, 2011
Sarah Natasha Melbye og Øyvind Fjeldheim var på besøk i P3morgen i dag. Sarah kunne melde at det perfekte sommarmåltidet består av grilla pølser og Sambuca. Øyvind heldt ein knapp på rå ørret rett frå fangstkorga på hytta. Høyr Sarah og Øyvind i Yngve sitt sommarintervju her:
Sommerintervju Melbye og Fjeldheim
Sporadiske vinlotteri og anislikør
Øyvind og Sarah skal ha program saman på fjernsyn for fyrste gong, men kjenner kvarandre godt frå før, då dei begge er ein del av same TV 2-vennegjeng.
– Programavdelinga i TV 2 har eitt tett og godt miljø, seier Øyvind.
– Vi har vinlotteri, men det er sporadisk, skyt Sarah inn.
Høyr heile praten om arbeidsmiljøet i TV 2 og forholdet mellom Øyvind og Sarah her:
Melbye og Fjeldheim om TV2
Tags: gjest, gjester, lyd, øyvind fjeldheim, sarah natasha melbye, sommer, sommertid, tv 2, yngve