Kathrine Sørland fortalde om at ho har slete med typiske modellfordommar i dagens P3morgen.
Ronny Brede Aase
Epost: ronny.brede.aase@nrk.no
Hjemmeside: http://p3.no/p3morgen/
Twitter: @ronnyponny
Siste artikler skrevet av Ronny Brede Aase
Siv Jensen var gjesteprogramleiar i dagens P3morgen. Høyr kva ho svarte då lyttar Chris skreiv på sms at ho var “hot like lava” og lurte på om ho kunne tenkje seg ein “boytoy på 23 år”.
Då Kim Kolstad ville ta ein pause frå livet som Jens August i Hotel Cæsar jobba han i radio i England, som budbilsjåfør og så spelte han i ein tysk reklamefilm for leverposteipølse.
Om du er fast sjåar av Hotel Cæsar, hugsar du kanskje at Jens August Anker-Hansen i ei periode var stranda på ei øde øy?
Det som eigentleg føregjekk, var at Jens August, eller Kim Kolstad, som han eigentleg heiter, dukka opp på dei merkelegaste plassar.
– Eg var ei periode i England, kvar eg laga såkalla “in huse-radio”. Det er sånn radio som store butikkjeder lagar til sine eigne butikkar. Om du til dømes er innom ei stor apotekkjede, og høyrer etter, så legg du merke til at radiokanalen dei spelar kun pratar om helseprodukt og gir helseråd.
Høyr Kim prate om pausen frå Cæsar:
Kim Kolstad om Caesarpausen
Då Kim etterkvart revurderte heile flytte til England-planen, jobba han òg litt i radio her heime. Så fann han ut at han ville jobbe med noko litt meir fysisk, og vart etterkvart budbilsjåfør.
Og så spelte han i reklame då. Tysk reklame:
Kim Kolstad om reklame
Sjå Kim Kolstad reklamere for tysk leverposteipølse her:
Lido vil gifte seg med BlackSheeps-Agnete
Av Ronny Brede Aase, 7. februar 2011. Postet i gjester, p3morgen, UkategorisertHåvard om øl, eigen penis og Linni Meister
Av Ronny Brede Aase, 14. januar 2011. Postet i gjester, p3morgenFestlig fredag i P3morgen! Håvard Lilleheie var gjesteprogramleiar i tre timar, og osa av livsvisdom, lokalnytt, penisprat og eit belgisk øl han elskar.
I Yngve sitt sommarlege nakenbadintervju forklarte Håvard forskjellen på blod- og kjøttpenis (og kva type han har). Og så fortalde han om den gongen han gjorde opprør mot rånekulturen og overpynta bilar. Høyr det her:
Nakenbadet med Håvard Lilleheie
Gøy å høyre Håvard prate, ja?
I podkasten har vi samla alt det kjekke frå dagen i dag.
Høyr Håvard presse underteikna til å drikkja øl på jobb. Høyr Håvard prate Stord-dialekt og høyr han greie ut om sitt forhold til Linni Meister (som prøvde seg som skodespelar i gårsdagens P3morgen).
Og i bonussporet, som du kun får på podkasten, fortel Håvard alt om korleis han fann, og kjøpte sitt nye hus! (Gratulerer, wowowowowo!!)
Podkast på iTunes, som RSS eller her:
P3morgen 14.01.11
Direkte, under P3 JuleSessions frå Sentrum Scene, måtte Live synge. Framføre vel 1000 publikummarar og radiolyttarar landet rundt. Her kan du sjå det omatt:
For ein fredagsmorgon!
Live har bursdag i dag. Vi feira i tre og ein halv time til endes saman med gjesteprogramleiar Aksel Hennie.
Han var i toppform, og prata om reklamefilmar han lagar, den nye filmen Hodejegerne, som han håpar å få ta ein fyrste titt på snart. Han prata òg om det nye slottet sitt, dottera som er nesten like flink til å spele musikk som dama og så hadde han med seg litt av ei bursdagsgåve. Både eksklusive bollar, eksklusiv eplejuice og ei bakebok med tittelen “Sjekk de brøa”. Fett? Ja!
Som om ikkje det var nok, kom Thom Hell på overraskelsesbesøk, og spelte live for bursdagsbarnet. Han hadde òg tid til å bli med vidare til dagens podkast av sendinga. Den bør du laste ned, altså! Der får du 1,5 time kjempestemning med Hennie, Hell, Hustad Reite, Nelvik og Aase. Og ei løve som brått kom innom studio.
Podkasten kan lastast ned via iTunes og via vår RSS-feed. Og så kan du berre klikke play under her, kjære venn:
P3morgen 10.12.10
BONUS:
Live fekk sjølvsagt gåve frå oss andre òg. Ho elskar Ole Brum, men eg og Yngve fekk ikkje tak i ekte Ole Brum-kopp, så vi laga ein til ho:
Yngve teikna sjølvaste bjørnen.
Ronny stod for baksida. Ikkje så pen.
Denne søte designpepperkaka laga vår reporter Silje til Live. Du verda, så flink ho er!
Då Hanne Krogh vitja P3morgen tysdag morgon, kunne ho fortelje at ho har fått seg ei ny julefavorittlåt.
– De spelte den då eg var på veg hit, og det gjorde heile dagen min. Maria Mena sin Home for Christmas. Den er så nydeleg. Ho er nydeleg. Og så håpar eg denne låta befestar hennar posisjon som ein fabelaktig låtskrivar og sanger, sa ho.
– Det er akkurat som om den sangen brettar opp brystkassa mi og går rett inn i sjela. Eg får ro av å høyre den.
Apropos sang:
P3morgen inviterte Hanne med på vår vesle omskriving av “Deilig er jorden”. Høyr den her:
Hanne Krogh syng med P3morgen
Hanne prata òg om det å bli identifisert med Sonja frå Reisen til Julestjernen, 34 år seinare, noko ho tykkjer berre er stas.
Vil du høyre meir om det, og korleis filmteamet måtte reise landet rundt for å finne snø, og om at Hanne eigentleg hadde gitt opp artistlivet då ho fekk tilbod om Sonja-rolla? Sjekk ut podkasten av dagens sending. Den finn du i iTunes, som RSS-feed og her:
P3morgen podkast 07.12.10
Bra mandagsmorgon i dag! Radioresepsjonen var innom. Dei fekk alle tre i oppgåve å finne påstandar om seg sjølv, og så skulle dei to andre gjette om det var sanning eller løgn.
Her i videoform:
Som om ikkje video er nok, kan du høyre lyd av dette, og resten av intervjuet i dagens podkast. Den finn du i iTunes, på p3.no/podkast og som RSS-feed.
Og her, då:
P3morgen 18.10.10