Kokk og tv-fjes Eyvind Hellstrøm var på besøk i P3morgen i dag. Med seg hadde han de 3 ingrediensene han ikke kan leve uten.
Les merArtikler med emneordet ‘tips’
3 ingredienser Hellstrøm ikke kan leve uten
Av Silje Therese Reiten Nordnes, 6. september 2012. Postet i gjesterI dag var fitnessorakel Kari Jaquesson på besøk i P3morgen, og ho delte villig av sine tips for å komme i betre form.
Kari søkjer for tida ekstremt overvektige folk til ein ny serie på TVNorge. I P3morgen delte ho den perfekte framgangsmåten for å gå ned i vekt, om ein er keen på det.
– Sett deg eitt mål i månaden. Ofte når folk skal gjere livsstilsendringar, tenkjer dei at no skal ein gjere alt med ein gong. Det funkar alltid dårleg. Gjer ein ting om gangen, sa Jaquesson.
Høyr Kari om gåturar, grønnsakfråtsing og å bestige fjell via trapper her:
Kari om trening
– Ikkje spar på dressingen!
“hei kari! jeg er en gutt på 20 år som er undervektig. Hvordan kan jeg legge på meg uten å være ekstremt usunn?”
Det rann inn med spørsmål frå lyttarane under dagens sending. Eitt av spørsmåla som gjekk igjen handla om det å vere undervektig.
Kari anbefalte mellom anna å snike inn ekstra olivenolje i måltida, og å vera raus på dressingen.
Høyr Kari sine tips her:
Kari sine tips til undervektige
– Kor ofte må ein trene?
Kari fekk òg spørsmål frå lyttarane om kor ofte ein eigentleg må trene, og kvifor fettet forsvinn frå alle andre plassar enn magen når ein faktisk trenar. Og kva med trening som gravid? Høyr Kari tipse i veg her:
Har du lyst til å høyre heile intervjuet med Kari, kan du laste ned P3morgen som podkast. Enten via iTunes eller som mp3-filer her.
Les mer