Artikler med emneordet ‘spray’

Atle og Øystein anbefalar

Av , 29. september 2010. Postet i gjester, p3morgen
X

I dag var Atle Antonsen og Øystein Karlsen på besøk i P3morgen. I morgon har dei premiere på den nye serien Dag, på TV2. Dei tok med tre ting dei på ein generell basis vil anbefale alle. Her kan du sjå video av det:

Vi fekk inn frykteleg mykje sms frå folk som lurte på kvar ein kunne få tak i vekkerklokka til Øystein under dagens sending.
Du må til England, og til nettbutikken firebox.com. (Vi tykkjer imidlertid at du bør vurdere ei klokke med RADIO i staden.) Atle kunne melde at den fancy elektronikkfiksesprayen hans er å få tak i på ei av dei større norske duppedingskjedene.

Her kan du sjå ein trailer for Atle og Øystein sin nye serie. Atle spelar samlivsterapeuten Dag, som eigentleg trur på det å leve åleine. Øystein har skrive manuset saman med Kristopher Schau. (Dei to har tidlegare laga “De syv dødssyndene” og P3-programmet “Et Norge i Krig” saman).

http://www.youtube.com/watch?v=eiXlLGcq7Ec

Om du no tenkjer at du er keen på meir av intervjuet med Atle og Øysten, så kan du sjekke ut podkasten av dagens sending. Den finn du i iTunes, på p3.no/podkast og som RSS-feed. Og så kan du trykke play her for å høyre:
P3morgen 29.09.10

Les mer