Artikler med emneordet ‘Robym’

Silje sneik seg rundt då Robyn var på Q & A med Lydverket og fekk stjele eit par minutt av Robyn si dyrebare tid. FOto: Silje Nordnes (NRK)

Silje sneik seg rundt då Robyn var på Q & A med Lydverket og fekk stjele eit par minutt av Robyn si dyrebare tid. FOto: Silje Nordnes (NRK)

Robyn var den einaste kvinnelege hovudartisten under årets Hovefestival (skjerpings Toffen Gunnufsen, festivalbookar) og i går trilla Lydverket terningkast 6 på konserten hennar – den einaste seksaren faktisk, under heile festivalen!

Men før ho gjorde ein terningkast 6 konsert, var ho innom P3 scena og svarte på spørsmål frå Asbjørn Slettemark og publikum. Vår reporter Silje var også der medan ho venta på at det var hennar tur å slå av ein prat med favorittsvensken.

Silje ville nemleg høyre kva festivaltips ho og musikarkollega Timbuktu kunne kome med. Men begge to var særs lite drivne på festivalfronten. Robyn har aldri vert på festival og tenkjer ikkje over å ha med seg nokre spesielle kler, ho berre går i det ho føler for:

Robyn og Timbuktu om festival

Til slutt spurte Silje sine standard gravande journalistiske spørsmål: 1) Kva ét du til frukost? 2) Kva søv du i om natta?
Robyn om fruksot

Silje på Hove

Silje har rapportert heile veka frå Hove, her kan du høyre og lese alt ho har gjort:

Ville ikkje ut av soveposen

Råning i golfbil

Her var det varm og klamt!

Les mer