Her var det varmt og klamt!

4
Skrevet av:
Publisert 13:00 28 juni, 2011
Siri er frivillig på Hove og blei vekt at reporter Silje. Foto: Silje Nordnes (NRK)

Siri er frivillig på Hove og blei vekt at reporter Silje. Foto: Silje Nordnes (NRK)

Hovefestivalen er akkurat igang og reporter Silje er ute på vekketokt! I dag overraska ho dei to Hovefrivillige, Siri og Benedikte, med kubjeller og rop.

I kjent stil sneik reporter Silje seg fram til teltet ho skulle bråvekke, og der oppdaga ho at Benedikte sat å sov i ein stol utanfor teltet.

Er du klar for festival? Ropte Silje og rista kraftig med kubjellene. Benedikte skvatt opp av stolen og svarte med eit litt spakt “ja, eg er klar”.

Benedikte sove i stolen utanfor teltet. Foto: Silje Nordnes (NRK)

Benedikte sove i stolen utanfor teltet. Foto: Silje Nordnes (NRK)

Heldigvis hadde to kjekke gutar holdt Benedikte med selskap gjennom natta.

Inne i teltet oppdaga Silje ein gut ved sidan av Siri, noko som forklarar korfor Benedikte søkte tilflukt ute og ikkje inne.

Ho kunne også konstatere at det var både varmt og klamt under teltduken. Men for alle dei som lurer, både Siri og den ukjente guten hadde kler på seg.

Høyr den ville kubjellevekkinga her:
Silje vekker festivalfolk

Masse kjekke folk

Siri og Benedikte har jobba to tolvtimersdagar og skal no berre nyte Hovefestivalen. På spørsmål om korfor dei orkar å jobbe for billetten i staden for å berre betale, seier Benedikte at ho er blakk og at ein treffer mykje kjekke folk når ein jobbar som frivillig.

Tags: , , , , , ,

Del "Her var det varmt og klamt!"