Her er eit foto av meg med skjegg frå i dag. Det er ikkje eit bevisst val å vere skjeggete. Eg har rett og slett ikkje tatt meg bryet å barbere meg siste veka.
Eg tykkjer barbering er keisamt. Og så har opptil fleire i P3morgen-redaksjonen sagt at eg burde anlegge skjegg.
Og då blir eg usikker. Burde eg det? Burde eg la håret gro i fjeset? Vil livet mitt bli enklare då? Eller er der typiske problem ved det å gro skjegg som folk i skjeggfjesmiljøet veit om, som eg aldri har fått vete?
Eg er usikker. Og når eg er usikker pleier eg spørja deg, kjære P3-lyttar. Du har alltid eit svar.
Eg har laga ei lita avstemming. Sei kva du meiner, gjerne òg i kommentarfeltet.
Sånn ser eg ut utan skjegg, forresten:
Dette fotografiet er tatt under sommarmotevisninga eg måtte gjennom i regi av Yngve Hustad Reite.
No har òg søskenprogrammet vårt i Sverige kasta seg på skjeggmeiningsmålingsbølgja: Ska Kodjo odla skägg (igen)?
Les mer