Artikler med emneordet ‘pepperkake’

Aksel Hennie

For ein fredagsmorgon!
Live har bursdag i dag. Vi feira i tre og ein halv time til endes saman med gjesteprogramleiar Aksel Hennie.

Han var i toppform, og prata om reklamefilmar han lagar, den nye filmen Hodejegerne, som han håpar å få ta ein fyrste titt på snart. Han prata òg om det nye slottet sitt, dottera som er nesten like flink til å spele musikk som dama og så hadde han med seg litt av ei bursdagsgåve. Både eksklusive bollar, eksklusiv eplejuice og ei bakebok med tittelen “Sjekk de brøa”. Fett? Ja!

Som om ikkje det var nok, kom Thom Hell på overraskelsesbesøk, og spelte live for bursdagsbarnet. Han hadde òg tid til å bli med vidare til dagens podkast av sendinga. Den bør du laste ned, altså! Der får du 1,5 time kjempestemning med Hennie, Hell, Hustad Reite, Nelvik og Aase. Og ei løve som brått kom innom studio.
Podkasten kan lastast ned via iTunes og via vår RSS-feed. Og så kan du berre klikke play under her, kjære venn:
P3morgen 10.12.10

BONUS:

Live fekk sjølvsagt gåve frå oss andre òg. Ho elskar Ole Brum, men eg og Yngve fekk ikkje tak i ekte Ole Brum-kopp, så vi laga ein til ho:

Kopp til Live
Yngve teikna sjølvaste bjørnen.

Kopp til Live
Ronny stod for baksida. Ikkje så pen.

Pepperkake frå Silje
Denne søte designpepperkaka laga vår reporter Silje til Live. Du verda, så flink ho er!

Les mer