Til daglig spiller hun en nevrotisk-familiekjær-førstearving, som i bunn og grunn er snill, men som fort kan bli forbanna hvis hun går på trynet. Skuespiller Anette Hoff, er Juni Anker Hansen i såpeserien “Hotel Cæsar”, og var i dag gjest hos oss i p3morgen.
Då Kim Kolstad ville ta ein pause frå livet som Jens August i Hotel Cæsar jobba han i radio i England, som budbilsjåfør og så spelte han i ein tysk reklamefilm for leverposteipølse.
Om du er fast sjåar av Hotel Cæsar, hugsar du kanskje at Jens August Anker-Hansen i ei periode var stranda på ei øde øy? Det som eigentleg føregjekk, var at Jens August, eller Kim Kolstad, som han eigentleg heiter, dukka opp på dei merkelegaste plassar. – Eg var ei periode i England, kvar eg laga såkalla “in huse-radio”. Det er sånn radio som store butikkjeder lagar til sine eigne butikkar. Om du til dømes er innom ei stor apotekkjede, og høyrer etter, så legg du merke til at radiokanalen dei spelar kun pratar om helseprodukt og gir helseråd.
Då Kim etterkvart revurderte heile flytte til England-planen, jobba han òg litt i radio her heime. Så fann han ut at han ville jobbe med noko litt meir fysisk, og vart etterkvart budbilsjåfør.