Då Hanne Krogh vitja P3morgen tysdag morgon, kunne ho fortelje at ho har fått seg ei ny julefavorittlåt.
– De spelte den då eg var på veg hit, og det gjorde heile dagen min. Maria Mena sin Home for Christmas. Den er så nydeleg. Ho er nydeleg. Og så håpar eg denne låta befestar hennar posisjon som ein fabelaktig låtskrivar og sanger, sa ho.
– Det er akkurat som om den sangen brettar opp brystkassa mi og går rett inn i sjela. Eg får ro av å høyre den.
Apropos sang:
P3morgen inviterte Hanne med på vår vesle omskriving av “Deilig er jorden”. Høyr den her:
Hanne Krogh syng med P3morgen
Hanne prata òg om det å bli identifisert med Sonja frå Reisen til Julestjernen, 34 år seinare, noko ho tykkjer berre er stas.
Vil du høyre meir om det, og korleis filmteamet måtte reise landet rundt for å finne snø, og om at Hanne eigentleg hadde gitt opp artistlivet då ho fekk tilbod om Sonja-rolla? Sjekk ut podkasten av dagens sending. Den finn du i iTunes, som RSS-feed og her:
P3morgen podkast 07.12.10