Artikler med emneordet ‘demokrafti’

Skal eg la skjegget gro?

Av , 8. februar 2011. Postet i p3morgen
29

Ronny med skjegg (Foto: Yngve Hustad Reite)
Her er eit foto av meg med skjegg frå i dag. Det er ikkje eit bevisst val å vere skjeggete. Eg har rett og slett ikkje tatt meg bryet å barbere meg siste veka.
Eg tykkjer barbering er keisamt. Og så har opptil fleire i P3morgen-redaksjonen sagt at eg burde anlegge skjegg.
Og då blir eg usikker. Burde eg det? Burde eg la håret gro i fjeset? Vil livet mitt bli enklare då? Eller er der typiske problem ved det å gro skjegg som folk i skjeggfjesmiljøet veit om, som eg aldri har fått vete?

Eg er usikker. Og når eg er usikker pleier eg spørja deg, kjære P3-lyttar. Du har alltid eit svar.
Eg har laga ei lita avstemming. Sei kva du meiner, gjerne òg i kommentarfeltet.


Sånn ser eg ut utan skjegg, forresten:

Ronny koser seg i bassenget i ført Yngves siste kreasjon.


Dette fotografiet er tatt under sommarmotevisninga eg måtte gjennom i regi av Yngve Hustad Reite.

No har òg søskenprogrammet vårt i Sverige kasta seg på skjeggmeiningsmålingsbølgja: Ska Kodjo odla skägg (igen)?

Les mer