Ein rosablogg på nynorsk

2
Skrevet av:
Publisert 8:19 27 januar, 2012

Silje og Medna.

Hei bloggen!

Min ven Ronny vil so gjerne sjå ein rosablogg på nynorsk. Det skal eg gje han. Difor har eg dratt for å møte Medna Israilova, 14 år og nynorskbrukar. Ho flytta til Noreg frå Tsjetsjenia for 6 år sidan og budde dei fyrste åra i Stryn, men i fjor flytta ho til Oslo.

Høyr reaksjonen til Ronny her:
Rosablogg på nynorsk

Og no er ho den einaste av 55 000 elevar i grunnskulen i Oslo Kommune som har nynorsk som hovudmål! Du store! (OMG!)

Men fyrst måtte eg finne vegen opp til skulen der Medna går. Eg rota meg bort, men fann fram til slutt. Sjå her er eit bilete av då eg var bortkomen på vegen.

Hjelp!

Men eg fann fram til slutt og då kunne vi byrje blogge. Fyrste post i ein typisk rosablogg er dagens antrekk.

I dag har eg berre kasta på meg nokon kleder fordi eg forsov meg. Buksa er heilt ny frå H&M, men gensaren er ein gammal gensar frå Gina Tricot. Eg har kjøpt meg eit nytt skjerf. Det er raudt og kosta 99 kroner på H&M. Eg er såååååå nøgd!!! 🙂

Her er eit bilete:

Dagens antrekk.

I dag har eg ikkje ete noko spennande, men eg har handla på Narvesen og det er dagens innkjøp. Eg kjøpte bare ei flaske vatn og ei øskje med IFA.

Eg er nøgd med dagens innkjøp.

Det vart ikkje så veldig mykje tekst i dette blogginnlegget, men Medna synast at bileta er det viktigaste i ein rosablogg. Når det er sagt så synast ho at eg er flink i nynorsk.

Ho gjer meg karakteren 4+. Då blir eg glad. For ein herleg dag. No håpar eg at Ronny også blir glad.

Innlegget er ikkje sponsa!

Del "Ein rosablogg på nynorsk"