Danmark seier “undskyld”!
Publisert 12:48 7 oktober, 2011
Det blei norsk ramaskrik då den danske jegaren Ole Frost skaut og drap elgen Albin. Den einaste kvite elgen vi har. Og det blei ikkje betre då han sa han ikkje angra på det han hadde gjort. No tilbyr dei oss å skyte den einaste gaupa dei har i Danmark som plaster på såret.
Ettersom vi hadde eit par fleire høns å plukke med Danmark (dei slo oss i fotball og skodespelaren som vaknar opp med George Clooney i bankreklamen er dansk, ikkje norsk), kopla vi oss opp med vårt danske søsterprogram Go’morgen P3 for å stille dei til veggs.
Danmark legg seg langflat
På vegne av det danske folk kunne Go’morgen P3 berre beklage at ein av deira landsmenn skaut og drap Albin. Dei tilbyr oss å kome til Danmark å skyte den einaste gaupa dei har.Som eit ekstra plaster på såret kan dei måle gaupa kvit, slik at den liknar så mykje som muleg på albin.
Høyr praten med Go’morgen P3 her: Dansk P3 om Albin
Saken er også omtalt på dansk P3 sine nettsider
Tags: albin, danmark, elg, go'morgen p3, jakt, p3morgen, ronny brede aase, unnskyld, yngve hustad reite